Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Prisfall på diesel gav kutt i kostnadene
Lastebilkostnadene gjekk ned 0,7 prosent i snitt frå september til oktober, hovudsakleg på grunn av nedgang i prisen på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene auka med 2,9 prosent.
Prisnedgangen på råolje den siste tida førte til at drivstoffindeksen fall 4,2 prosent frå september til oktober. Med det er dieselprisane attende på om lag same nivå som i januar i år.
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad. Denne er henta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet. Over dei siste tolv månadene har indeksen auka med 0,6 prosent.
Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 1,1, prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83