Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i lastebilkostnadene
Lågare kapitalkostnader hjelpte til å halde lastebilkostnadene nede førre månad. Prisstiging på dekk og diesel trakk i motsett retning.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned med 0,1 prosent frå august til september. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 3,7 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Årsaka til nedgangen var at kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 2,0 prosent i løpet av den siste månaden. Denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, har likevel stige 4,5 prosent det siste året.
Prisstiging på dekk
Dekkindeksen auka med 1,4 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige 5,2 prosent.
Dyrare diesel
Drivstoffindeksen gjekk opp med 0,9 prosent frå august til september. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige 6,8 prosent.
Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83