Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Billegare diesel - men andre kostnader opp
Lastebilkostnadene auka med 0,4 prosent frå juli 2006 til august 2006, hovudsakleg på grunn av auka priser på reparasjon og service og auka lønsekostnader. Prisutviklinga på diesel trekte i motsett retning.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport har stige med 0,4 prosent frå juli til august. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,7 prosent.
Billegare diesel og auka reparasjons- og servicekostnader
Drivstoffindeksen gjekk ned med 1,5 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 5,4 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 2,3 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,5 prosent.
Auke i løn og sosiale kostnader
Delindeksen for løn og sosiale kostnader har stige med 1,0 prosent i løpet av den siste månaden. Dei siste tolv månadene har veksten i lønene for tilsette innan lastebiltransport stige med 2,9 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Meir informasjon:
klara.skarnes@ssb.no
, tlf. 62 88 54 16, eller
asbjorn.willy.wethal@ssb.no
, tlf. 62 88 54 15.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83