15144_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15144
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2006-08-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport2.333333333333333333. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Lastebilkostnadene auka med 0,9 prosent frå juni 2006 til juli 2006, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel og auka kapitalkostnader. I løpet av det siste året har dei samla lastebilkostnadene auka med 3,7 prosent.

Drivstoffindeksen gjekk opp med 2,6 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 6,4 prosent.

Kostnadsindekser for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe.                                                                   juli 2005-juli 2006

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen auka med 2,1 prosent frå juni til juli. Frå juli 2005 til juli 2006 har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 5,9 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Høgare pris på reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 1,1 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen auka med 1,6 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Tabeller: