Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,2 prosent frå mai 2006 til juni 2006, grunna prisstigning på dekk. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 3,7 prosent.
Dekkindeksen gjekk opp med 1,3 prosent den siste månaden etter prisendringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen auka med 6,0 prosent.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen auka med 1,1 prosent frå mai til juni. Frå juni 2005 til juni 2006 har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 5,3 prosent.
Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Billigare diesel
Drivstoffindeksen gjekk ned med 0,4 prosent frå den siste månaden. Det siste året har dieselindeksen auka med 6,5 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83