15148_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15148
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2006-06-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1.666666666666666667. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp med 0,4 prosent den siste månaden, hovudsakleg på grunn av auke i kapitalkostnadene. Det siste året har dei samla lastebilkostnadene auka med 4,0 prosent.

Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 2,2 prosent frå april til mai. Frå mai 2005 til mai 2006 har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 4,8 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Mai 2005-mai 2006. Januar 1998=100

Auke i lønn - billigare diesel

Delindeksen for lønn og sosiale kostnader auka med 0,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har lønnsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport stige med 3,0 prosent.

Drivstoffindeksen gjekk ned med 0,4 prosent frå april til mai. Det siste året har dieselindeksen auka med 9,4 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Tabeller: