Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak auke i lastebilkostnadene
Dyrare diesel og dekk sendte kostnadene ved å kjøre lastebil opp førre månad. Lågare kapitalkostnader hjalp til med å dempe auken.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,1 prosent frå mars 2006 til april 2006. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 3,4 prosent.
Dyrare diesel
Drivstoffindeksen auka med 1,2 prosent den siste månaden. Frå april 2005 til april 2006 har denne delindeksen auka med 8,5 prosent.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 2,0 prosent frå mars til april etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 8,7 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift stige 2,4 prosent.
Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83