Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka lastebilkostnader
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,3 prosent frå februar 2006 til mars 2006, hovudsakleg på grunn av auke i prisane på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,0 prosent.
Drivstoffindeksen auka med 2,6 prosent den siste månaden. Frå mars 2005 til mars 2006 har denne delindeksen auka med 11,4 prosent.
Lågare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gikk ned 0,7 prosent i løpet av den siste månaden etter prisjusteringar hos enkelte forsikringsselskap. Det siste året har forsikringspremiane likevel stige 0,4 prosent.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gikk ned 0,4 prosent frå februar til mars. Frå mars 2005 til mars 2006 har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 3,0 prosent.
Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83