Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Lita endring i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå januar til februar 2006. Dei siste tolv månadene har totalkostnadsindeksen stige med 4,4 prosent.
Dekkindeksen gikk ned 0,8 prosent den siste månaden etter prisreduksjon hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 8,4 prosent.
Svak nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gikk ned 0,1 prosent frå januar til februar. Det siste året har denne delindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 2,7 prosent.
Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Auke i lønn og sosiale kostnader
Lønnsindeksen auka med 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har lønnsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport stige med 2,7 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83