15156_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15156
Kostnadsauke for lastebiltransport
statistikk
2006-02-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport0.333333333333333333. kvartal 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kostnadsauke for lastebiltransport

Lastebilkostnadene auka med 0,9 prosent frå desember 2005 til januar 2006, hovudsakleg på grunn av dyrare diesel og auka kapitalkostnader. Det siste året har dei samla lastebilkostnadene auka med 4,5 prosent.

Drivstoffindeksen gjekk opp med 2,7 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 13,1 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Januar 2005-januar 2006. Januar 1998=100

Auka kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 2,3 prosent frå desember 2005 til januar 2006. Det siste året har denne delindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 3,2 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Høgare pris på reparasjons- og servicekostnader

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,8 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen gått opp 2,1 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Tabeller: