15162_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15162
Svak auke i lastebilkostnadene
statistikk
2005-11-16T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport3.333333333333333333. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,1 prosent frå september til oktober. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,2 prosent.

Drivstoffindeksen auka med 1,8 prosent den siste månaden. Frå oktober 2004 til oktober 2005 har denne delindeksen auka med 10,8 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Oktober 2004-oktober 2005. Januar 1998=100

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,3 prosent frå september til oktober. I dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 0,7 prosent.

Rentekostnaden er basert på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.

Tabeller: