Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,2 prosent frå august til september. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 5,4 prosent.
Billigare diesel
Drivstoffindeksen falt med 0,5 prosent den siste månaden. Frå september 2004 til september 2005 har denne delindeksen auka med 17,4 prosent.
Nedgang i ferje- og bomkostnadene
Delindeksen for ferjekostnader og bompenger gjekk ned med 0,8 prosent den siste månaden. I løpet av det siste året har denne indeksen auka med 4,7 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,6 prosent frå august til september som en følgje av nedgangen i det inflasjonsjusterte rentenivået. I løpet av dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 1,6 prosent.
Rentekostnadene er baserte på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen auka med 1,0 prosent frå august til september etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. I løpet av det siste året har denne delindeksen auka med 4,3 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83