Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka lastebilkostnader
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport har stige 0,5 prosent frå mai til juni, hovudsakleg på grunn av auke i prisane på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,4 prosent.
Drivstoffindeksen auka med 2,3 prosent den siste månaden. Frå juni 2004 til juni 2005 har denne delindeksen auka med 15,8 prosent.
Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen har stige med 0,8 prosent frå mai til juni etter prisendringar hos enkelte leverandørar. I det siste året har denne delindeksen stige 1,3 prosent.
Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 0,7 prosent frå mai til juni, som ei følgje av auke i det inflasjonsjusterte rentenivået. Dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 0,8 prosent.
Rentekostnadene er baserte på konsumprisindeksen og tremånadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83