Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svak nedgang i lastebilkostnadene
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk ned 0,1 prosent frå april til mai. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,3 prosent.
Billigare diesel
Delkostnadsindeksen for drivstoff gjekk ned med 1,2 prosent den siste månaden. Frå mai 2004 til mai 2005 har drivstoffindeksen auka med 13,8 prosent.
Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad, som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 2,7 prosent frå april til mai etter prisendringar hos enkelte leverandørar. I løpet av det siste året har denne delindeksen stige 1,2 prosent.
Auke i ferge- og bomkostnadene
Delindeksen for fergekostnader og bompengar auka med 0,4 prosent den siste månaden etter prisjusteringar hos fergeselskapa. I løpet av det siste året har denne indeksen auka med 5,4 prosent.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83