Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auka lastebilkostnader
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,6 prosent frå mars til april, hovudsakleg på grunn av auke i prisane på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 5,1 prosent.
Drivstoffindeksen auka med 4,0 prosent den siste månaden. Frå april 2004 til april 2005 har denne delindeksen auka med 18,3 prosent.
Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. kvar månad, som er henta inn frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.
Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 1,7 prosent frå mars til april etter prisendringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne indeksen gått ned 1,4 prosent.
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,8 prosent frå mars til april, som ei følgje av nedgangen i det inflasjonsjusterte rentenivået. I løpet av dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er sett saman av avskrivningar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift stige 1,8 prosent.
Rentekostnadene er basert på konsumprisindeksen og tre-månadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.
Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.
Tabeller:
Kontakt
-
Gudveig Ihlang
E-post: gudveig.ihlang.braten@ssb.no
tlf.: 40 81 13 85
-
Geir Martin Pilskog
E-post: geir.martin.pilskog@ssb.no
tlf.: 40 81 13 83