15176_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/kilt/arkiv
15176
Prishopp på diesel
statistikk
2005-04-15T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv
no
kilt, Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, lastebiltypar, drivstoffkostnader, dekkprisar, forsikringskostnader, ferjekostnader, bompengarLandtransport, Transport og reiseliv
false

Kostnadsindeks for vare- og lastebiltransport1. kvartal 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Prishopp på diesel

Lastebilkostnadene auka med 0,8 prosent i snitt frå februar til mars, hovudsakleg på grunn av ein kraftig auke i prisane på diesel. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 4,5 prosent.

Drivstoffindeksen auka med 5,6 prosent den siste månaden. Frå mars 2004 til mars 2005 har denne delindeksen auka med 14,3 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar den 15. i kvar månad som er innhenta frå eit representativt utval av forhandlarar over heile landet.

Kostnadsindeksar for lastebiltransport, etter kjøretøygruppe. Mars 2004-mars 2005

Lågare kapitalkostnader

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,7 prosent frå februar til mars, som ei følgje av nedgangen i det inflasjonsjusterte rentenivået. I dei siste tolv månadene har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgift/årsavgift, stige 1,8 prosent.

Rentekostnadene er baserte på konsumprisindeksen og tre-månadleg NIBOR-rente frå Noregs Bank, og kan difor avvike noko frå den gjennomsnittlege utlånsrenta til bankane.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Tabeller: