Samla var det om lag 184 000 fleire Summen av passasjerar om bord i flya ved ankomst til og avgang frå norske lufthamner. Passasjerar på innanlandske flygningar teljast både på avreisestad og på landingsstad. Passasjerar i transfer og transitt teljast både ved ankomst til og avgang frå same lufthamn. på norske lufthamner i desember 2025 samanlikna med desember 2024. Det viser tal frå statistikken Lufttransport.

Figur 1. Passasjerar på norske lufthamner

Talet på passasjerar på flygingar til og frå utlandet var 1,7 millionar i desember 2025, noko som utgjer ein auke på 6 prosent samanlikna med desember 2024. For innanlandske flygingar vart det registrert 2,4 millionar passasjerar , ein vekst på 3 prosent frå same månad året før. Samanlikna med desember 2019 viser tala ein oppgang på 5 prosent på utanlandske flygingar, medan innanlandsk trafikk ligg 2 prosent lågare enn nivået før pandemien.