3 prosent var akuttplasserte i barnevernet

Publisert:

På slutten av 2018 var nesten 3 prosent av plasserte barn og unge akuttplasserte og vel 1 prosent åtferdsplasserte. Dei fleste, 59 prosent, var plasserte i barnevernet som eit omsorgstiltak og resten som eit hjelpetiltak.

Det var totalt 39 043 barn og unge i alderen 0-22 år som fekk tiltak frå barnevernet på slutten av 2018. Av desse fekk nesten 40 prosent, 15 140 barn og unge plasseringstiltak, tiltak som omfattar flytting frå heimen. Ein ny statistikkbanktabell fordeler barn og unge som er plasserte etter ulike lovheimlar, ikkje berre etter om det er eit omsorgs – eller hjelpetiltak som tidlegare.

Figur 1. Barn og unge 0-22 år med plasseringstiltak per 31. desember etter lovheimel. Prosent av alle med plasseringstiltak. 2018

2018 (prosent)
Åtferdstiltak 1 % 1
Akuttiltak 3 % 3
Plassert som eit hjelpetiltak 37 % 37
Omsorgstiltak 59 % 59

Plassering etter lovheimlar

Når barn blir plasserte utanfor heimen blir dette gjort med heimel i barnevernloven (bvl). I statistikkbanktabell 12845 er det nytta både paragraf og jamførparagraf registrerte på tiltaka for å gruppere lovheimlane:

  • Omsorgstiltak (krev vedtak i fylkesnemnda) bvl §§ 4-12, 4-8, 2. og 3. ledd eller § 4-8 jamfør § 4-12
  • Akuttiltak bvl § 4-6, 1. og 2. ledd, § 4-25, 2. ledd, § 4-9, 1. og 2. ledd 
  • Åtferdstiltak bvl § 4-24 og § 4-26
  • Plassert som eit hjelpetiltak bvl § 4-4, 2. og 6. ledd 

Når eit barn blir 18 år kan det etter loven ikkje lengre vere plassert som eit omsorgstiltak. Tiltaket blir då kategorisert som eit hjelpetiltak om det ikkje er akutt- eller åtferdsparagraf registrert på tiltaket. 

I denne artikkelen omtaler vi tal for aldersgruppa 0-22 år. Dersom vi ser på aldersgruppa 0-17 år er delen som fekk plasseringstiltak med lovheimel akutt- eller åtferdstiltak nokså lik delen i aldersgruppa 0-22 år. Det er fordelinga mellom omsorgs- og hjelpetiltak som er annleis. Delen under omsorg er 17 prosent større blant dei i aldersgruppa 0-17 år, det vi kan kalle den primære målgruppa for barnevernet, enn i aldersgruppa 0-22. Noko som heng saman med avsnittet over.                                                                          

Akuttplasserte bur i beredskapsheim, åtferdsplasserte i barnevernsinstitusjonar

Dei fleste, meir enn 7 av 10, som er plasserte av barnevernet bur i fosterheim, medan 15 prosent bur i bustad med oppfølging, 8 prosent i barnevernsinstitusjonar og 4 prosent i beredskapsheim.

Tala syner at dei fleste som er plasserte etter ein akuttheimel bur i beredskapsheim, 3 av 5, men nokre bur òg i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar. Så godt som alle som er plasserte etter ein åtferdsheimel bur i barnevernsinstitusjonar.

Akuttplassert i alle aldrar, åtferdstiltak blant dei eldste

Akuttheimelen blir nytta jamt fordelt i alle aldersgrupper frå 0 til 17 år, men noko meir blant dei som er 13-17 år.

Barn og unge som var plasserte etter ein åtferdsheimel på slutten av 2018, var alle 13 år eller eldre. Dei fleste var 13-17 år, men det var òg nokre i aldersgruppa 18-22 år.

Figur 2. Barn og unge 0-22 år med plasseringstiltak per 31. desember etter lovheimel. 2015-2018

Omsorgstiltak Plassert som eit hjelpetiltak Akuttiltak Åtferdstiltak
2015 8923 5262 542 191
2016 9080 6107 469 209
2017 9033 5905 484 204
2018 8868 5670 388 214

Færre akuttplasserte barn?

Delen barn og unge som barnevernet har plassert etter ein åtferdsheimel er nokså lik i heile perioden frå 2015 til 2018. Samstundes er delen akuttplasserte eit prosentpoeng mindre i 2018 enn i 2015. Men om dette er noko som vil halde fram er vanskeleg å seie blant anna sidan det er få akuttplasserte og sidan delen gjekk litt opp frå 2016 til 2017.

 

Kontakt