Sterk auke i offentleg forvaltnings nettofordringar
Utviklinga i offentleg forvaltnings nettofordringar påverkast av nettofinansinvesteringar, valutakursutviklinga og utviklinga i verdipapirmarknaden. Når alle desse komponentane trekk i same retning, er det duka for ein ny rekordstor auke.
Det foreløpige finansrekneskapen for 2024 viser at offentleg forvaltnings finansielle eigendelar minus gjeld auka kraftig. Hovudbilete var prega av fallande, men fortsett høge nettofinansinvesteringar samt uvanleg store gevinstar i valuta- og verdipapirmarknaden. Nettofordringane var 5,5 gangar BNP for Fastlands-Noreg og dette utgjer 4 millionar kroner per innbyggjar ved utgangen av 2024.
Nettofinansinvesteringane fell, men er fortsett på eit høgt nivå
Offentleg forvaltnings finansielle investeringar minus gjeldsopptak er illustrerte i Figur 1. Investeringane har fortsett å falle frå det rekordhøge nivået i 2022. Det er inntektene til staten frå olje og gass som i hovudsak bidrar til dei høge investeringane, som i hovudsak plasserast i utlandet via Oljefondet. Nettofinansinvesteringane er rekna til 701 milliardar kroner i 2024 mot 836 milliardar kroner i 2023 og 1455 milliardar kroner i 2022.
Figur 1. Nettofinansinvesteringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Søylediagram med 21 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Milliarder kroner. Dataene varierer fra -85 til 1455.
Nettofinansinvesteringar
Figur 1. Nettofinansinvesteringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Tala i figuren øver er i løpande prisar. I figur 2. er tala presentert i prosent av bruttonasjonalproduktet BNP. Utviklinga blir da meir moderat og nettofinansinvesteringane i 2024 er til dømes på same nivå som i 2005.
Figur 2. Nettofinansinvesteringar til offentleg forvaltning (prosent av BNP)
Søylediagram med 21 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent av BNP. Dataene varierer fra -2 til 25.
Nettofinansinvesteringar
Figur 2. Nettofinansinvesteringar til offentleg forvaltning (prosent av BNP)
Særs høge gevinstar på valuta og i verdipapirmarknaden
Nettogevinstane til offentleg forvaltning på verdipapir og valuta er illustrerte i figur 3. Figuren viser at gevinstane var på 3327 milliardar kroner i 2024 som er det høgast registrerte nokosinne. Av dette bidrog valutagevinstar på grunn av svekka kronekurs med omtrent ein tredjedel. Det var i hovudsak gevinstar på verdipapir plassert i utlandet via Oljefondet som bidrog til det høge talet. Gevinstane på innanlandske finansielle eigedelar var på 81 milliardar kroner i 2024, men mykje av denne gevinsten skuldast auke i eigenkapitalen til Norges Bank (fordring for forvaltninga) som igjen skyldast gevinstar på bankens valutareservar i utlandet.
Figur 3. Nettogevinstar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Søylediagram med 21 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Milliarder kroner. Dataene varierer fra -1067 til 3327.
Nettogevinstar
Figur 3. Nettogevinstar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Høge nettofinansinvesteringar, valutagevinstar og gevinstar på verdipapir plasserte i utlandet bidrog til ein rekordstor auke i nettofordringane det siste året. Utviklinga er illustrert i Figur 4 og viser at den finansielle formua auka med heile 4028 milliardar kroner i 2024. Til samanlikning var auken på 3201 milliardar kroner i 2023. Auken i 2024 representerer heile 730 tusen kroner per innbyggjar.
Figur 4. Endring i nettofordringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Søylediagram med 21 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Milliarder kroner. Dataene varierer fra -222 til 4028.
Endring i nettofordringar
Figur 4. Endring i nettofordringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Finansiell formue på 4 millioner kroner per innbyggjar
Figur 5. viser utviklinga i nettofordringar til offentleg forvaltning. Ved utgangen av 2024 er nettofordringane rekna til 22 273 milliardar kroner. Det tilsvarar 4 millionar kroner per innbyggjar og 5,5 gonger BNP for Fastlands-Noreg.
Figur 5. Nettofordringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Linjediagram med 21 datapunkter punkter.
Figuren har 1 X akse som viser År.
Figuren har 1 Y akse som viser Milliarder kroner. Dataene varierer fra 1868 til 22273.
Finansielle nettofordringar
Figur 5. Nettofordringar til offentleg forvaltning (milliarder kroner)
Figur 6. innehold tal frå det europeiske statistikkbyrået Eurostat, og viser offentleg forvaltnings nettofordringar i 2023 i prosent av bruttonasjonalproduktet for utvalte EU-land pluss Noreg (2024). Tala er relativt stabile fra år til år for EU landa. Figuren viser at den offentlege forvaltninga til dei fleste EU-land er i netto gjeld posisjon, men at dei nordiske landa har ei relativt sterk finansiell stilling (fordringane er høgare enn gjelda).
Figur 6. Nettofordringar i prosent av BNP
Søylediagram med 18 søyler.
Figuren har 1 X akse som viser Land.
Figuren har 1 Y akse som viser Prosent av BNP. Dataene varierer fra -150 til 428.
Nettofordringar til offentleg forvaltning i prosent av BNP i 2023 (Noreg 2024)
Figur 6. Nettofordringar i prosent av BNP
Land
Nettofordringar til offentleg forvaltning i prosent av BNP i 2023 (Noreg 2024)
Fordelinga mellom korte og lange utlån frå bankar til hushald og ikkje-finansielle føretak er endra denne gongen. Fleire av lånekomponentane er omklassifiserte frå lange til korte lån (opprinnelig løpetid under eit år). Revisjonen går tilbake til fyrste kvartal 2018.
Det institusjonelle sektorregnskapet (ISR) gir en helhetlig statistisk beskrivelse av hovedsektorene i den norske økonomien. Figur 1 viser et oversiktsbilde av sektorregnskapet som omfatter alle kontotypene i nasjonalregnskapssystemet fra produksjonskontoen til balansekontiene.
Alle dataseriene i finansielle sektorregnskaper har en sektor, en motsektor og en finanspost. Man kan velge om man vil ta ut serier for beholdninger, transaksjoner eller andre endringer.