• 182 400 landbrukseigedomar i Noreg med eit samla areal som utgjer om lag tre firedelar av fastlandsarealet
  • 6,5 prosent av busette i Noreg bur på ein landbrukseigedom
  • Utbygde landbrukseigedomar har i gjennomsnitt nesten seks bygningar kvar
  • Kvar femte landbrukseigedom har eiga jordbruksdrift
  • 28 prosent av landbrukseigedomane har kvinneleg eigar
  • Det vart omsett 9 000 landbrukseigedomar i 2022

I definisjonen av ein landbrukseigedom er kravet at eigedommen skal ha minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. Det er også eit krav at eigedom blir nytta eller kan nyttast til landbruksformål. Det er i ein del tilfelle vanskeleg å avgjera om ein eigedom skal reknast som ein landbrukseigedom. Me har til no brukt skjønn for ein del eigedomar som me er usikre på. Frå og med 2022 har me etablert ei meir fast linje med mindre bruk av skjønn. Me tek utgangspunkt i eigedommane i Landbruksregisteret og supplerer med alle eigedomar eigd av enkeltpersonar og eit utval eigedomar eigd av upersonlege eigarar frå arealressurskartet. Eigedommane som blir henta frå arealressurskartet oppfyller krava til ein landbrukseigedom, men finst ikkje i Landbruksregisteret.

I 2006 var det registrert 190 600 landbrukseigedomar. Talet på landbrukseigedomar har gått ned kvart år sidan då, med unntak av 2012 og 2022. Frå og med 2022 er måten for å utarbeide statistikken endra litt, og dette fører til at det blir  med nokre fleire eigedomar.

Flest landbrukseigedomar i Innlandet

Fylkesvis var det flest landbrukseigedomar i Innlandet i 2022, med 30 100. Ringsaker kommune hadde flest landbrukseigedomar i Innlandet med 1 450 eigedomar, etterfølgd av kommunane Åsnes, Elverum og Trysil med rundt 1 200 eigedomar kvar. Etter Innlandet fylke følgde Viken og Vestland med høvesvis 24 500 og 23 600 landbrukseigedomar.

Mellom kommunane i heile landet var det Alver i Vestland som hadde flest landbrukseigedomar i 2022, med 1 969. Deretter følgde Lindesnes i Agder og Indre Østfold med 1 772 og 1 734.

Flest fråflytta landbrukseigedomar i Nord-Noreg

Av dei 182 400 landbrukseigedomane i 2022 var 164 900 utbygd, og 143 500 hadde bustadbygning. Av eigedomane med bustadbygning, var det busetnad på 112 900. I alt budde det 350 000 personar på landbrukseigedomane. Det utgjer kring 6,5 prosent av alle busette i Noreg. 30 650 landbrukseigedomar med bustadbygning var utan busetting. Delen landbrukseigedomar med bustadbygning utan busetjing var høgast i Nordland og Troms og Finnmark med 39 og 34 prosent.

Figur 1. Landbrukseigedomar med og utan bygning og busetjing. 2022

Figur 2. Landbrukseigedomar med bustadbygning, med og utan busetjing. 2022. Prosent

Av fylka var det i Innlandet størst del personar busett på ein landbrukseigedom med 16 prosent av alle busette i fylket. Deretter kom Trøndelag og Møre og Romsdal med 10 prosent. Sett bort frå Oslo, hadde Viken fylke lågast del busette på ein landbrukseigedom.

Figur 3. Andel busette på landbrukseigedomar av alle busette i fylket. 2022. Prosent

Av dei 350 000 personane som budde på ein landbrukseigedom i 2022, var 53 prosent menn og 47 prosent kvinner. 58 prosent av mennene og 56 prosent av kvinnene var 40 år eller eldre.

90 prosent av landbrukseigedomane har ein bygning eller meir

Landbrukseigedomane har store bygningsmassar. I 2022 var 164 900 av alle 182 400 landbrukseigedomane bygde ut med i alt 932 000 bygningar. Desse fordelte seg på 200 400 bustadbygningar, 439 200 driftsbygningar, 85 900 seterhus, skogkoier, naust med meir og 206 700 andre bygningar. I gjennomsnitt har dei utbygde landbrukseigedomane nesten seks bygningar kvar. Ein femdel av bygningane på landbrukseigedomane er eldre bygningar som stort sett vart bygde før 1900 og som er ført opp i SEFRAK-registeret er eit landsdekkande register over eldre bygninger og andre kulturminne. (Sekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne I Norge)..

Agder og Møre og Romsdal har størst del bygningar i SEFRAK-registeret med høvesvis 27 og 26 prosent.

28 prosent av landbrukseigedomane har kvinneleg eigar

I 2022 hadde 169 900 landbrukseigedomar personleg eigar, fordelt på 121 900 menn og 48 000 kvinner. I tillegg er det 12 500 landbrukseigedomar som har upersonleg eigar eller er eigd av dødsbu.

Viken og Innlandet har størst del jordbruksareal

Areala til landbrukseigedomane utgjer omlag tre firdelar av fastlandsarealet. Rundt ein tredel av areala er jordbruksareal og produktivt skogareal, medan to tredelar omfattar uproduktiv skog, open fastmark, fjell, myr og vatn. Eigedomane i Viken og Innlandet har størst del av landets jordbruksareal med 20 prosent i 2022, etterfølgd av Trøndelag med 16 prosent. Innlandet har størst del med produktiv skog med 27 prosent. Deretter Viken og Trøndelag med høvesvis 16 og 15 prosent.

Figur 4. Landbrukseigedomar etter del jordbruksareal og produktiv skogareal, fylkesvis. 2022. Prosent

Ein av fem landbrukseigedomar har eiga jordbruksdrift

I 2022 hadde 36 100 eigedomar jordbruksdrift, desse eigde til saman 5,57 millionar dekar jordbruksareal. Samtidig var det 88 500 eigedomar som leigde bort til saman 4,85 millionar dekar jordbruksareal. På 42 600 eigedomar med 720 300 dekar jordbruksareal var det ikkje registrert jordbruksaktivitet.

49 800 landbrukseigedomar hadde avverka i skogen i 10-årsperioden 2012-2021. Det vart hogge 99,7 millionar kubikk i perioden.

Knapt 3 av 5 omsette landbrukseigedomar skal nyttast til landbruksformål

Det var 9 000 omsetningar av landbrukseigedomar i 2022. Av desse omsetningane var det 58 prosent som oppgav at landbruk var formålet med kjøpet. 26 prosent kjøpte eigedomen til bustadformål og 10 prosent oppgav at dei ville nytta eigedomen som fritidsbustad.

Av landbrukseigedomane som vart omsette i 2022 var 2 480 eigedomar omsette på den frie marknaden. Av landbrukseigedomar omsett i kategorien gåve, som stort sett er familieoverdragingar, var det 2 030 eigedomar. Talet på skifte- og uskifteoppgjer, som også ofte er overdragingar mellom familiemedlemmer, var 2 990. I alt blei 5 020 landbrukseigedomar overdrege innanfor familien.