Jordbruket er ei viktig kjelde til utslepp av klimagassane metan (CH4) og lystgass (N2O). I 2022 kom respektive 57 og 77 prosent av estimerte utslepp av metan og lystgass frå jordbruket. Utslepp av ammoniakk (NH3) kan ha forsurande verknader gjennom ulike prosessar i jord og vatn. Ammoniakk er òg ei kjelde til lystgass indirekte gjennom nedfall og lekkasje. Jordbruket er den dominerande kjelda her med 95 prosent av ammoniakkutsleppa.

Artikkelen byggjer på statistikken «Utslipp til luft, endelige tall 2022». Utsleppa gjeld jordbrukssektoren som er biologisk utslepp frå husdyr- og planteproduksjon. Dei fossile utsleppa frå oppvarming og maskinbruk vert ikkje bokført i jordbrukssektoren, men er teke med i artikkelen i avsnittet om utslepp av karbondioksid. Utslepp frå fyring er medrekna i sektoren «Oppvarming i andre næringer og husholdninger» og utslepp frå traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm». Utslepp frå transport av produkt, innsatsfaktorar til og frå jordbruksverksemda, og frå produksjon av innsatsfaktorar til jordbruket produsert utanfor jordbruket, er heller ikkje teke med. Utslepp som følgje av endringar i karbonbalansen i jordsmonnet er ikkje med i tala som blir presenterte elles i artikkelen.

Figur 1. Utslepp av ulike gassar frå jordbrukssektoren, sett i relasjon til dei totale utsleppa 2022. Prosent

Gjennom ulike internasjonale avtalar har Noreg forplikta seg til å nå framtidige mål for utsleppa. I Parisavtalen er målet at den globale oppvarminga skal haldast under to grader samanlikna med førindustriell tid, og at auka i temperatur ikkje overstig 1,5 grader. Stortinget har slutta seg til at Noreg deltek i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030 for å nå bindingane i Parisavtalen. Noreg har meldt inn eit mål om at utsleppa av klimagassar skal reduserast med minst 40 prosent i perioden 1990-2030, jf. Meld. St. 13 (2014-2015). Noregs forsterka klimamål er å redusere utsleppa med minst 50 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå.

Ei avtale mellom jordbruksorganisasjonane og regjeringa vart satt 21. juni 2019. Avtala gjaldt reduksjon i klimagassutslepp og auka opptak av karbon frå jordbruket for perioden 2021-2030. Målet er å overhalde Parisavtalen og EUs klimaregelverk 2021-2030. For å nå desse måla har næringa lansert Landbrukets klimaplan kor målet er å kutte 5 millionar CO2-ekvivalentar i løpet av 10 år.

Norske klimagassutslepp i 2022 var 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar og 9,4 prosent av klimagassutsleppa stamma frå jordbrukssektoren.

Gøteborgprotokollen, som omhandlar langtransportert luftforureining, slutta Noreg seg til 15 november 2019. Denne avtala krev at Noreg skal ha eit utslepp av ammoniakk i 2020 som er 8 prosent lågare enn utsleppa i 2005. Utrekningane for 2022 syner at utsleppet av ammoniakk i Noreg var om lag 29 474 tonn, noko som er 7 prosent lågare enn i 2005. Gøteborg-protokollen inneheld også forpliktingar for andre gassar som SO2 (svoveldioksid), NO(nitrogen­oksider) og NMVOC (flyktige organiske sambindingar), men her er jordbruket sin del av totalutsleppa heller små.

Klimagassutsleppa blir rekna ut med metodikk utarbeida av FN sitt klimapanel (IPCC). Tala inngår i Noregs rapportering av klimagassutslepp til FNs klimakonvensjon og Parisavtalen. For dei andre forsurande gassane som ammoniakk rapporterast det til Konvensjonen om langtransportert, grenseoverskridande luftforureining (LRTAP) og metodikken for berekningane er bestemt av The European Environment Agency (EEA).

Jordbruk og klimagassar

Figur 2. Fordelinga av klimagassutslepp (CO2-ekvivalentar) frå jordbrukssektoren 2022. Prosent

I figur 2 er utsleppa som rekneskapsførast i jordbrukssektoren med. Dei fossile utsleppa frå energibruk er ikkje medrekna.

I publiseringa i juni 2023 gjekk SSB over til å rekne nye verdiar på klimagassar som rapporterast til Parisavtala (AR5). Eit tonn metangass vektar 28 CO2-ekvivalent er ei felles måleeining for klimagassane. Dei forskjellige klimagassane reknast om til denne eininga slik at gassane kan summerast til eit totalutslepp. Ein CO2- ekvivalent svarer til den effekten eitt tonn CO2 har på den globale oppvarminga over 100 år. Dei andre klimagassane har eit sterkare oppvarmingspotensial (GWP-verdi) enn CO2, og utslepp av desse gassane reknast difor om til CO2-ekvivalentar i samband med deira GWP-verdiar for å kunne summere utsleppa på tvers av gassar.  I klimaavtalene brukast 100-års tidshorisont (GWP100). I den norske klimagassrekneskapen og internasjonal rapportering brukast GWP100 frå FNs klimapanels femte hovedrapport (AR5). Det betyr at eitt tonn metan er 28 tonn CO2-ekvialentar og eitt tonn lystgass er 265 tonn CO2-ekvivalentar. medan eit tonn lystgass vektar 265 CO2-ekvivalentar.

Metan frå jordbruk

I jordbruket kjem dei største klimagassutsleppa frå metan. I 2022 var 52 prosent av dei totale klimagassutsleppa frå jordbruket knytt til metan frå vomgjæring (enterisk fermentering). Metan kjem òg frå husdyrgjødsel i fjøs og lager, og i 2022 kom 8,5 prosent av klimagassutsleppa frå jordbruk frå denne kjelda.

Drøvtyggjarar produserer mest metan, medan husdyr som ikkje er drøvtyggjarar produserer mindre mengder av denne gassen. Husdyra sin storleik, fordøyingssystem og samansetjing av fôr av­gjer kor mykje gass eit dyr produserer. I 2022 var utsleppet av enterisk metan om lag 86 000 tonn (2 418 kilotonn CO2 ekv.). Av dette kom 75 prosent frå storfe og 18 prosent frå sau. Utsleppa samla i 2022 av enterisk metan var 6,0 prosent lågare enn i 1990 og 1,5 prosent lågare enn i 2021. Forklaringa her er nedgang i talet på storfe i perioden.

Figur 3. Utslepp av metan (CH4), etter kjelde. 1990-2022. Tonn

Utsleppet av gjødselmetan var 5,4 prosent høgare i 2022 enn i 1990. Sjølv om totale talet på storfe har gått ned i perioden har intensiteten i storfehaldet auka, noko som gir høgare gjødselfaktor og høgare utslepp av metan. Mellom 2021 og 2022 var det ein nedgang på 2,3 prosent. I 2021 var talet på storfe uvanleg høgt i samband med pandemien, som gav stor etterspurnad etter mjølk og kjøt. Dei samla utsleppa av metan i Noreg har gått ned i perioden frå 1990 med 27 prosent. Mykje av forklaringa her ligg i at utsleppa frå avfallsdeponi har gått ned etter at deponering av biologisk avfall vart ulovleg frå 2009.

Lystgass frå jordbruk

Dei viktigaste kjeldene til lystgass (N2O) innanfor jordbruket er spreiing av gjødsel og dyrking av organisk jord (myr). For gjødsel kjem utsleppa både frå spreiing av mineralgjødsel, lagring og spreiing av husdyrgjødsel og frå dyr på beite. Andre lystgasskjelder er rest­avlingar, samt ammoniakk som går over til lystgass gjennom nedfall og avrenning. Jordbruket stod i 2022 for nær 77 prosent av dei estimerte lystgassutsleppa i Noreg.

Store utslepp av N2O skjer som følgje av kultivering av myrområde (histosoler). Årsaka er den auka mineraliseringa av gammalt nitrogenrikt organisk materiale (IPCC 2006). Utsleppa har halde seg stabile sidan 1990 og blei i 2022 berekna til 1 388 tonn lystgass (368 kilotonn CO2 ekv). Utsleppet av N2O blir rekna ut frå arealet av oppdyrka organisk jord i Noreg og skil mellom dyrka mark og beitemark. Faktorane er i prinsippet avhengig av nitrogenkvaliteten på myrjorda, oppdyrkings­praksis og klimatiske forhold.

Lystgassutslepp frå bruk av mineralgjødsel er rekna ut frå salstal for gjødselvarer. I 2022 vart utsleppet frå denne kjelda rekna til 2 439 tonn (646 kilotonn CO2 ekv.). Desse utsleppa har halde seg stabile sidan 2014, men i 2022 vart det slept ut 7,7 prosent mindre N2O enn i 2021 då det vart seld mindre mineralgjødsel dette året.

For 2022 var dei direkte utsleppa frå husdyrgjødsel, husdyrrom, spreiing og beite, 1 025 tonn lystgass (272 kilotonn CO2 ekv.). Dei indirekte utsleppa av lystgass kjem frå fordamping og deretter nedfall av ammoniakk frå spreiing av mineralgjødsel og frå husdyrgjødsel under lagring, spreiing og beite. Det skjer også eit utslepp frå lekkasje og avrenning. Desse indirekte lystgassutsleppa utgjorde 1 355 tonn i 2022.

Bruk av slam og anna organisk gjødsel i jordbruk er ingen stor utsleppskjelde med 24 tonn N2O. Lystgassutslepp frå nedbryting av restavlingar var 198 tonn i 2022.

Figur 4. Utslepp av lystgass (N2O), etter kjelde. 1990-2022. Tonn

Figur 4 syner ein markant nedgang i lystgassutslepp frå andre kjelder enn jordbruk sidan 2005. Teknologiske framsteg i mineralgjødselindustrien forklarer deler av dette. Jordbruket har teke over større del av totalutsleppa sidan dette er biologiske utslepp som ikkje så lett let seg fjerne. Utsleppa for jordbrukskjeldene har vore stabile gjennom tidsserien. I 2022 var lystgassnivået 3,7 prosent lågare enn i 1990, og 3,6 prosent lågare enn i 2021. Nedgangen frå førre år skuldast som nevnt mindre bruk av mineralgjødsel og mindre husdyrgjødsel på bakgrunn av færre dyr.

CO2-utsleppa òg frå fossile kjelder

Dei tre hovudkjelder for utsleppa av CO2 frå jordbruket er bruk av drivstoff til maskinar og fyring, kalking av jordbruksareala og endringar i karbonbalansen i jorda som følgje av drift og arealendringar. Det er berre CO2-utslepp frå energibruk og kalking som er med i den offisielle utsleppsstatistikken frå SSB, og det er dei som er nemnt her. Tal for utslepp og opptak av CO2 frå areala blir rapportert til FNs klimakonvensjon og til Parisavtala under kategorien LULUCF (Land Use and Land Use Changes and Forestry) og blir rekna ut av Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO).

Av utsleppa frå energibruk i jordbruket, stod traktorar og maskinar for 83 prosent og resten frå fyring.

Sidan 1990 har utsleppa frå kalking vorte nesten halvert, og fyringsutsleppa har gått ned med over 60 prosent. Dei samla CO2-utsleppa frå jordbruket i 2022 var difor 33 prosent lågare enn i 1990. Mellom 2021 og 2022 var det 5 prosent mindre CO2 utslepp, også dette relatert til nedgang i utslepp frå fyring.

Figur 5. Utslepp av karbondioksid (CO2) frå jordbruket¹, etter kjelde. Tonn

¹ Dei fossile utsleppa frå "fyring" og "traktorer og andre maskinar" vert ikkje bokført i jordbrukssektoren, men er teke med i figuren. Utslepp frå fyring er medrekna i sektoren «Oppvarming i andre næringer og husholdninger» og utslepp frå traktorar og motorreiskapar er bokført under «Luftfart, sjøfart, anleggsmaskinar mm».

Nesten all ammoniakk kjem frå gjødsel

Utslepp av ammoniakk frå jordbruket kjem i hovudsak frå husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Som syna i figur 6 var størsteparten (93 prosent) knytta til husdyrgjødsel, medrekna spreiing og beite. Rundt 4 prosent kom frå bruk av mineralgjødsel medan ammoniakkbehandling av halm og bruk av slam og organisk gjødsel utgjorde rundt 3 prosent.

Utsleppa av ammoniakk frå mineralgjødsel i 2022 var berekna til 1 237 tonn.

Utsleppa av ammoniakk frå husdyrgjødsel er avhengige av fleire faktorar, til dømes dyreslag, nitrogeninnhald i fôr, lagringsmetode for gjødsla, klima, spreiingsmetode for gjødsel, dyrkings­praksis og eigenskapane til jorda. I 2022 var utsleppet av NH3 frå husdyr­gjødsel estimert til om lag 26 000 tonn. Av dette var om lag 42 prosent av utsleppet frå husdyrrom og lager, 44 prosent frå spreiing og 7 prosent frå dyr på beite.

Tap av ammoniakk frå ammoniakkbehandling av halm blir rekna ut frå total­forbruket av ammoniakk. Ein reknar med at 65 prosent av ammoniakken ikkje blir bunden i halmen (Morken 2003b). Utsleppa har blitt kraftig reduserte dei siste åra som følgje av redusert forbruk. I 2022 var NH3- utsleppet frå håndtering av halm 413 tonn.

Figur 6. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruket, etter kjelde. 2022. Prosent

Utslepp av ammoniakk frå jordbruket har gått ned med 7,1 prosent frå 1990 til 2022. Forklaringa her er eit lågare utslepp frå handtering av halm og mindre bruk av mineralgjødsel. Ammoniakkutsleppa frå husdyrgjødsel har auka i perioden trass færre husdyr. Her er årsaka meir proteinrik fôring seinare i tidsserien som gir høgare utslepp av ammoniakk. Det var likevel ein nedgang mellom 2021 og 2022 på 2,1 prosent som skuldast færre storfe dette året.