Økologisk jordbruk aukar litt igjen

Publisert:

Det økologiske arealet utgjorde 4,2 prosent av alt jordbruksareal i drift i 2020. Arealet auka fram til 2011 for så å minke, men frå 2019 til 2020 auka arealet litt igjen.

Økologisk jordbruk inneber ei allsidig drift med mest mogleg variert vekstskifte og resirkulering av organisk materiale. Det er strenge restriksjonar for bruk av plantevernmiddel og mineralgjødsel. Vidare må husdyrhaldet avpassast arealgrunnlaget, og gardbrukaren må ta omsyn til dei naturlege behova husdyra har. Jordbruksbedrifter med økologisk drift blir kvart år godkjente og kontrollerte av medlemsorganisasjonen Debio.

Under 5 prosent av jordbruksarealet er økologisk

I 2020 utgjorde økologisk jordbruksareal i drift 418 800 dekar. Dette omfatta 4,2 prosent av det totale jordbruksarealet i drift. Dersom ein også tar med 33 000 dekar som er under omlegging til økologisk produksjon, karensareal i drift, utgjer arealet 4,6 prosent. Denne prosentdelen er den same som i 2019 og den lågaste som er registrert sidan 2006.

Tabell 1. Økologisk areal og karensareal i drift, dekar og prosent av totalt jordbruksareal i drift. 1999, 2009 og 2018-2020

Til tabellen

Sjå fleire tal om økologisk jordbruksareal

Sidan toppåret 2011 har det godkjente økologiske jordbruksarealet gått ned med 85 200 dekar, eller 17 prosent. Frå 2019 til 2020 auka arealet med 7 300 dekar, eller 1,8 prosent. I 2020 var det mest økologisk jordbruksareal i Oslo/Viken og Trøndelag, med respektive 124 500 og 100 200 dekar. Økologisk areal utgjorde 6,1 prosent av alt jordbruksareal i drift i kvar av desse fylka og til saman hadde dei 53,6 prosent av alt økologisk areal i landet. Vestfold og Telemark fylke hadde høgast del økologisk areal med 6,8 prosent. I Rogaland, som elles er eit viktig jordbruksfylke, blei berre 0,8 prosent av jordbruksarealet drive økologisk.

Figur 1

Økologisk jordbruksareal og karensareal

Fulldyrka eng utgjorde størsteparten av det økologiske arealet, med 57 prosent. Innmarksbeite utgjorde 17 prosent, medan korn stod for 15 prosent.

Sjå fleire tal om økologiske jordbruksvekstar

Karensarealet auka fram til 2009, men har deretter gått ned. Arealet var 33 000 dekar i 2020, noko som er 8 600 dekar mindre enn i 2019. Arealet er til vanleg i karens 2 eller 3 år før det blir godkjent som økologisk areal. Lite karensareal tydar på liten vekst i det økologiske arealet dei komande åra.

Figur 2

Figur 2. Del jordbruksareal i drift som er økologisk/karensareal i drift

Færre økologiske jordbruksbedrifter

Talet på økologiske produsentar minkar framleis. Sidan 2009 er det blitt om lag 900 færre økologiske jordbruksbedrifter. Frå 2019 til 2020 var det ein nedgang på 3 bedrifter. Kvart år er det nye bedrifter som legg om til økologisk drift, men samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonelt jordbruk eller legg ned drifta.

I 2020 var det 1 962 jordbruksbedrifter med økologisk produksjon, av desse var 114 bedrifter under omlegging (i karens). Desse bedriftene utgjorde 5,1 prosent av totalt 38 600 jordbruksbedrifter i Noreg. Dette er om lag den same prosentdelen som dei siste seks åra, men eitt knapt prosentpoeng mindre enn i toppåra 2009-2011.

Figur 3

Jordbruksbedrifter med økologisk drift og jordbruksbedrifter under omlegging (karens)

Gjennomsnittleg jordbruksareal i drift for dei økologiske jordbruksbedriftene var 271 dekar, medan gjennomsnittet for alle jordbruksbedriftene var 255 dekar i 2020. Nokre av dei økologiske bedriftene har også noko konvensjonelt jordbruksareal. Trekkjer ein frå dette arealet, blir gjennomsnittleg jordbruksareal i drift 230 dekar for dei økologiske jordbruksbedriftene.

I 2020 var sauehald den mest vanlege driftsforma både blant økologiske jordbruksbedrifter og konvensjonelle jordbruksbedrifter, med respektive 26 og 24 prosent. Berre 7 prosent av dei økologiske bedriftene hadde driftsforma «Korn og oljevekstar», mot 17 prosent av dei konvensjonelle jordbruksbedriftene. For driftsformene «Hagebruk» og «Blanda produksjonar» hadde dei økologiske bedriftene meir enn dobbelt så høg førekomst som dei konvensjonelle bedriftene.

Sjå fleire tal om økologiske jordbruksbedrifter

Fleire økologiske verpehøner

Talet på økologiske verpehøner har auka kvart år sidan 2011. I 2020 var det 316 600 økologiske verpehøner, desse utgjorde 7,1 prosent av alle verpehøner i Noreg. 55 prosent av dei økologiske verpehønene var å finne i fylka Oslo og Viken.

Det var 28 600 økologiske storfe i 2020, og av desse var 7 800 mjølkekyr og 4 100 ammekyr. Ein tredjedel av dei økologiske mjølkekyrne og 22 prosent av dei økologiske ammekyrne i landet var i Trøndelag. I heile landet var det 44 100 økologiske sauer, 1 800 økologiske geiter og 2 800 økologiske svin.

Sjå fleire tal for økologiske husdyr

Frå 2019 til 2020 blei det registrert ein auke i den økologiske prosentdelen for verpehøner, ammekyr, andre storfe og geiter, medan det var nedgang eller uendra prosentdel for dei andre husdyrslaga.

1 Førebels tal for 2020.

Figur 4. Prosent økologiske dyr av totalt husdyrtal for utvalde husdyrslag

Mjølkeku Ammeku Andre storfe Svin Sau Geit Verpehøner
2018 3.8 4.4 3.1 0.4 4.6 2.6 6.6
2019 3.8 3.8 2.9 0.4 4.7 2.4 6.6
2020¹ 3.6 3.9 3.0 0.4 4.6 2.6 7.1

Økologisk produksjon aukar

Fram til 2013 var det ein sterk vekst i produksjonen av økologisk kumjølk, men deretter var det ein svak nedgang til 2019. I 2020 auka produksjonen med 0,6 millionar liter til 49,7 millionar liter økologisk kumjølk. I perioden 2013–2020 har delen økologisk mjølkeproduksjon av den totale mjølkeproduksjonen gått ned frå 3,6 til 3,3 prosent.

I løpet av dei ti siste åra har produksjonen av økologiske egg dobla seg. Det blei produsert 5 364 tonn økologiske egg i 2020, og dette utgjorde 8,2 prosent av den totale eggproduksjonen levert til eggpakkerier.

Produksjonen av økologisk kjøt av storfe, sau/lam, svin og fjørfe var i sum 3 016 tonn og utgjorde berre 0,9 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2020. Produksjonen av økologisk storfekjøt utgjorde 1 440 tonn, sauekjøt 620 tonn, svinekjøt 421 tonn og fjørfekjøt 535 tonn. Samanlikna med 2019 var det ein auke for alle dei nemnde kjøtslaga.

1 Tal manglar for 2020.

Figur 5. Prosent økologisk produksjon av totalproduksjon for mjølk, kjøt, egg og korn

2018 2019 2020
Mjølk 3.3 3.3 3.3
Storfekjøt 1.8 1.6 1.7
Sauekjøt 2.4 2.3 2.6
Svinekjøt 0.3 0.3 0.3
Fjørfekjøt 0.5 0.5 0.5
Egg 7.4 7.5 8.2
Korn¹ 0.9 1.0

Det blir produsert mindre norsk økologisk matkorn enn det er behov for, og ein stor del blir importert. Sjølv om mesteparten av det økologiske kornet er av fôrkvalitet, er det òg mangel på norsk økologisk korn til kraftfôr. I 2019 blei det hausta 13 500 tonn økologisk korn. Dette utgjorde 1 prosent av den totale kornproduksjonen. Resultatet for økologisk kornproduksjon i 2020 er ikkje klart ennå, men frå 2019 til 2020 auka det økologiske kornarealet med 4 200 dekar, eller 7,2 prosent.

Den norske produksjonen av økologiske poteter, grønsaker, frukt og bær er liten, og importen utgjer ein stor del av marknaden. Det blei dyrka økologiske poteter på 936 dekar og det utgjorde berre 0,8 prosent av potetarealet i 2020. Det økologiske arealet av grønsaker var 4 921 dekar og utgjorde 5,8 prosent av det totale grønsaksarealet. Det økologiske arealet av frukt og bær utgjorde respektive 2 040 og 1 068 dekar, noko som utgjorde 9,1 og 5,4 prosent av det totale arealet for kvar av vekstane.

Sverige har mest økologisk areal i Norden

Sidan 2005 har Sverige lege på den nordiske toppen med størst del økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift. Frå 2005 til 2019 auka arealet frå 7,0 til 20,4 prosent av totalt areal i drift.

Finland hadde ein nedgangsperiode frå 2002 til 2006, men har deretter auka jamt til 13,5 prosent i 2019. I Danmark har økologisk areal og karensareal gått opp og ned, men etter 2015 har det vore auke, og arealet utgjorde 10,9 prosent i 2019. I Noreg utgjorde arealet 4,6 prosent i 2019, dette er 1,1 prosentpoeng mindre enn i toppåret 2010.

Island har lite økologisk jordbruksareal samanlikna med dei andre nordiske landa. Eurostat har oppgitt at 0,4 prosent av jordbruksarealet på Island var økologisk eller i karens i 2019.

1 Førebels tal for 2020.

Figur 6. Prosent økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift i dei nordiske landa

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Noreg¹ 2.0 2.5 3.1 3.7 3.9 4.2 4.3 4.7 5.1 5.6 5.7 5.6 5.6 5.3 5.0 4.8 4.8 4.8 4.7 4.6 4.6
Sverige 5.9 6.6 6.8 7.2 7.0 7.0 7.2 9.9 10.9 12.8 14.3 15.7 15.8 16.5 16.5 17.1 18.3 19.2 20.3 20.4
Danmark 5.9 6.3 6.5 6.3 5.8 4.9 5.1 5.0 5.6 5.9 6.1 6.1 7.3 6.4 6.3 6.3 7.8 8.6 9.8 10.9
Finland 6.7 6.7 7.6 7.1 7.2 6.5 6.3 6.6 6.5 7.2 7.4 8.2 8.7 9.1 9.3 9.9 10.5 11.4 13.1 13.5

Austerrike på topp i EU

Innanfor EU28-landa var det Austerrike som hadde størst del økologisk areal medrekna karensareal i 2019, med 25 prosent. Deretter følgde Estland med 22 prosent og Sverige med 20 prosent. Gjennomsnittet for alle land i EU28 låg på 7,9 prosent.

For å stimulere til auka økologisk jordbruksproduksjon, la EU i mars 2021 fram ein tiltaksplan for å auke etterspurnaden og produksjonen fram mot 2030. Målsettinga er at 25 prosent av jordbruksarealet skal drivast økologisk i 2030.

1 Førebelse eller estimerte tal.

Figur 7. Prosent økologisk areal og karensareal av totalt jordbruksareal i drift i EU-land, samt Sveits og Noreg. 2019

2019
Noreg 4.6
Sveits 16.27
Malta 0.47
Irland 1.63
Bulgaria 2.34
Storbritannia 2.62
Romania 2.86
Polen¹ 3.49
Nederland 3.75
Luxembourg 4.42
Kypros 4.98
Ungarn 5.71
Belgia 6.85
Kroatia 7.19
Frankrike 7.72
Tyskland 7.75
Litauen 8.14
Portugal¹ 8.16
Spania 9.66
Hellas 10.26
Slovakia 10.31
Slovenia 10.35
Danmark 10.87
Finland 13.48
Latvia 14.79
Italia 15.16
Tsjekkia 15.19
Sverige 20.43
Estland 22.33
Austerrike 25.33
28 EU-land¹ 7.92

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk

Regjeringa utarbeidde i 2018 ein nasjonal strategi for økologisk jordbruk. Målet er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurt i marknaden. Tidlegare var det eit konkret mål om at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i Noreg skulle vere økologisk i 2020. Ein har aldri vore i nærleiken av å nå det målet.

Økologiforskrifta

Økologisk matproduksjon er regulert av økologiforskrifta. Forskrifta er basert på EU-standarden for økologisk produksjon. Mattilsynet er tilsynsmyndigheit og har delegert ansvaret for tilsynet til Debio

Debio. (2021). Årleg statistikk.
https://debio.no/statistikk/

Eurostat. (2021, 5. mars). Agriculture. https://ec.europa.eu/eurostat/web/agriculture/data/main-tables

Landbruksdirektoratet. (2021). Produksjon av økologiske jordbruksvarer.
Økt produksjon og salg av økologisk mat og vin i 2020 - Landbruksdirektoratet

Landbruks- og matdepartementet. (2018). Nasjonal strategi for økologisk jordbruk - Nasjonal strategi 2018-2030.  
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nasjonal-strategi-for-okologisk-jordbruk/id2607229/

Økologiforskriften. (2017). Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter, akvakulturprodukter, næringsmidler og fôr (økologiforskriften).
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-03-18-355

Faktaside

Kontakt