Nedgang i utslepp frå jordbruket

Publisert:

I 2019 kom 8,8 prosent av klimagassutsleppa frå jordbrukesektoren, noko som svarar til 4,4 millionar CO2-ekvivalentar. Utsleppa var omtrent 7 prosent lågare enn i 1990 og 0,9 prosent lågare enn i 2018.

Jordbruket er ei viktig kjelde til utslepp av klimagassane metan (CH4) og lystgass (N2O). I 2019 kom respektive 57 og 75 prosent av estimerte utslepp av metan og lystgass frå jordbruket. Utslepp av ammoniakk (NH3) kan ha forsurande verknad gjennom ulike prosessar i jord og vatn, og jordbruket er den dominerande kjelda her med 95 prosent av ammoniakkutsleppa.

https://www.ssb.no/natur-og-miljo/artikler-og-publikasjoner/laveste-klimagassutslipp-siden-90-tallet 

1 Utsleppa av CO2 og CH4 omfattar ikkje utslepp frå levande biomasse (frå frukttrær), dødt ved og strø (frå omlegging av skog til jordbruksareal) og frå dyrking av mineraljord og organisk jord.

Figur 1. Utslepp til luft frå jordbruket av ulike gassar, sett i relasjon til dei totale utsleppa¹. 2019. Prosent

CO2 CH4 N2O SO2 NOX NMVOC NH3
Alle andre kjelder 98.7 43.1 25.2 99.9 94.1 91.2 5.3
Jordbruk 1.3 56.9 74.8 0.1 5.9 8.8 94.7

Kva brukast tala til?

Klimagassutsleppa blir utrekna med metodikk utarbeida av FN sitt klimapanel (IPCC). Tala inngår i Noregs rapportering av klimagassutslepp til FNs klimakonvensjon og Kyotoprotokollen. Det inneber at utsleppa som blir bokført jordbrukssektoren i all hovudsak er utslepp knytt til husdyr- og planteproduksjonen. For dei andre forsurande gassane som ammoniakk rapporterast det til Konvensjonen om langtransportert, grenseoverskridande luftforureining (LRTAP) og metodikken for berekningane er bestemt av The European Environment Agency (EEA). 

Kva omfatter tala?

Artikkelen baserer seg på statistikken «Utslipp til luft, endelege tal 2019». Utsleppa frå oppvarming og maskinbruk er òg teke med, sjølv om desse vert bokført i andre sektorar i statistikken og i dei rapporterte tala. Utslepp frå transport av produkt, innsatsfaktorar til og frå jordbruksverksemda og utslepp frå produksjon av innsatsfaktorar til jordbruket produserte utanfor jordbruket er ikkje teke med. Utslepp som følgje av endringar i karbonbalansen i biologisk materiale er omtala til slutt, men desse utsleppa er ikkje med i tala som blir presenterte elles i artikkelen.

Kor sikre er tala?

Dei utrekna utsleppa frå jordbruket er samla sett meir usikre enn utrekningane av utsleppa frå andre sektorar. Det heng saman med at klimagassutsleppa frå jordbruket er dominerte av lystgass og metan frå biologiske prosessar der variasjonen i utsleppa kan vere svært stor. Ifølgje Miljødirektoratet (2021) var uvissa for dei utrekna utsleppa av metan og lystgass i Noreg på respektive 12 og 35¹ prosent , medan CO2-utslepp, som utgjer over 80 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, hadde ei uvisse på 2 prosent. ¹Prosenttala angir uvissa innafor 2 standardavvik.

Endring i metode

Metodane som blir brukte i utrekningane av utsleppa, blir stadig utvikla. For at tidsserien skal være konsistent må endringar i metodane gjelde for heile tidsserien frå 1990. Dei utrekna utsleppa vil då kunne endre seg. Dette gjeld i fysste rekke ammoniakk frå mineralgjødsel som er rekna med ny modell og nye utsleppsfaktorar hausten 2020. Det er også mindre endringar knytt til dei andre utsleppa òg av di både nitrogenmodell og gjødselmetanmodell tek omsyn til at noko av husdyrgjødsla går til biogassanlegg.

Miljøproblem og tiltak

Gjennom ulike internasjonale avtalar har Noreg forplikta seg til å nå framtidige utsleppsmål. I Parisavtala er målet at den globale oppvarminga skal haldast under to grader samanlikna med førindustriell tid, og arbeide mot at temperaturauka ikkje overstig 1,5 grader. Stortinget har slutta seg til at Noreg deltek i EUs klimaregelverk frå 2021 til 2030 for nå bindingane i Paris avtalen. Norge har meldt inn eit mål om at utsleppa av klimagassar skal reduserast med minst 40 prosent i perioden 1990-2030, jf. Meld. St. 13 (2014-2015).

Ei avtale mellom jordbruksorganisasjonane og regjeringa vart satt 21. juni 2019 om reduksjon i klimagassutslepp og økt opptak av CO2 og lagring av karbon frå jordbruket for perioden 2021-2030. Målet er å overhalde Parisavtalen og EUs klimaregelverk 2021-2030. For å nå desse måla har næringa lansert Landbrukets klimaplan kor målet er å kutte 5 millionar CO2 ekvivalentar på 10 år.

Norske klimagassutslepp i 2019 var 50,3 millionar tonn CO2-ekvivalentar. 8,8 prosent av klimagassutsleppa i 2019 stamma frå jordbrukssektoren. Dersom også utslepp frå energibruk i jordbruket blir inkludert, vil 9,8 prosent av dei totale norske klimagassutsleppa være relatert til aktivitet i jordbruket. Av dette var 52 prosent CH4, 36 prosent N2O og 11 prosent CO2.

Gøteborgprotokollen som Noreg slutta seg til 15 november 2019, seier at Noreg skal ha eit utslepp av NH3 i 2020 som er 8 prosent lågare enn utsleppa i 2005. Utrekningane for 2019 viser at utsleppet av ammoniakk i Noreg var om lag 28 600 tonn, noko som er 6,2 prosent lågare enn i 2005. Gøteborg-protokollen inneheld også forpliktingar for andre gassar som SO2 (svoveldioksid), NOX (nitrogen­oksider) og NMVOC (flyktige organiske sambindingar), men her er jordbruket sin del av totalutsleppa heller små.

1 Tala inkluderer energibrukstal som ordinært høyrer heime i sektorane transport og oppvarming.

Figur 2. Indeks for utslepp av lystgass (N2O), metan (CH4) og ammoniakk (NH3) til luft frå norsk jordbruk¹

N2O CH4 NH3
1990 100.00 100.00 100.00
1991 99.58 98.93 98.59
1992 99.04 99.29 101.03
1993 98.04 98.76 94.10
1994 97.01 100.24 91.03
1995 98.02 100.34 92.43
1996 99.23 101.25 93.62
1997 98.84 99.46 89.64
1998 99.38 99.57 90.97
1999 98.32 100.95 92.71
2000 98.03 96.55 88.81
2001 96.10 95.99 89.25
2002 95.83 95.57 90.43
2003 98.09 97.25 94.39
2004 98.44 96.19 95.03
2005 98.29 96.57 95.55
2006 96.80 94.51 96.07
2007 97.61 93.83 96.32
2008 96.78 93.89 97.68
2009 94.14 95.26 98.34
2010 91.05 94.68 97.52
2011 93.24 92.22 96.05
2012 93.55 92.53 97.27
2013 94.70 93.41 99.00
2014 97.11 94.13 98.38
2015 98.33 95.55 97.68
2016 98.14 97.48 97.65
2017 97.01 97.13 96.95
2018 96.00 96.44 100.78
2019 98.05 93.79 93.74

Lystgass jordbruk har større del av totalen

Dei viktigaste kjeldene til lystgass innanfor jordbruket er mineralgjødsel, husdyrgjødsel og anna organisk gjødsel. Handtering og spreiing av gjødsla, husdyr på beite, kultivering av myr, biologisk nitrogenfiksering, nedbryting av rest­avlingar samt nedfall og avrenning av ammoniakk gir også N2O utslepp til luft. Jordbruket stod i 2019 for nær 75 prosent av dei estimerte lystgassutsleppa i Noreg.

Store utslepp av N2O skjer som følgje av kultivering av myrområde (histosoler). Årsaka er den auka mineraliseringa av gammalt nitrogenrikt organisk materiale (IPCC 2006). Utsleppa har halde seg stabile sidan 1990 og blei i 2019 berekna til 1 268 tonn. Utsleppet av N2O blir utrekna ut frå arealet av drenert organisk jordbruksjord i Noreg og skilar mellom dyrka mark og beitemark. Faktorane er i prinsippet avhengig av nitrogenkvaliteten på myrjorda, oppdyrkings­praksis og klimatiske forhold.

N2O frå bruk av mineralgjødsel har lege på i overkant av 1 600 tonn i året sidan 2014, og var i 2019 på 1 678 tonn. For 2019 var dei direkte utsleppa frå husdyrgjødsel (husdyrrom, spreiing og beite) rundt 1 800 tonn. Dei indirekte utsleppa av lystgass kjem frå fordamping og deretter nedfall av ammoniakk som stammar frå bruken av mineral- og husdyrgjødsel under lagring, spreiing og beite. Desse utsleppa utgjorde 935 tonn. Bruk av slam og anna organisk gjødsel i jordbruk er ingen stor utsleppskjelde med 25 tonn N2O i 2019. Lystgassutslepp frå dekomponering av restavlingar var 248 tonn i 2019.

Store mengder nitrogen frå gjødsel går tapt ved lekkasjar og avrenning. Nitrogen frå gjødsel i grunnvatn og overflatevatn aukar den biogene produksjonen av N2O ettersom nitrogenet gjennomgår nitrifikasjon og denitrifikasjon. Om lag 22 prosent av nitrogenet i mineral- og husdyrgjødsel som blir spreidd, blir rekna å gå tapt ved avrenning og lekkasjar (Bechmann et al. 2012). Det er også eit lite lekkasjetap frå utette gjødsellager. Avrenning gav eit kalkulert utslepp av N2O på rundt 530 tonn i 2019.

Figur 3. Utslepp til luft av lystgass (N2O), etter kjelde. 1990-2019

Utanom jordbruk Dyrking av myrjord Anna, jordbruk inkl indirekte N2O Direkte N2O frå husdyrgjødsel, inkl spreiing og beite Mineralgjødsel gjødsel
1990 7730 1218 1407 1750 1731
1991 7230 1220 1387 1738 1735
1992 5470 1223 1332 1754 1737
1993 6198 1226 1362 1684 1714
1994 6490 1228 1315 1682 1698
1995 6519 1231 1319 1696 1738
1996 6504 1237 1347 1718 1756
1997 6492 1246 1313 1706 1770
1998 6762 1255 1323 1729 1761
1999 7544 1263 1291 1787 1662
2000 6878 1272 1287 1740 1685
2001 6761 1281 1259 1750 1578
2002 7590 1281 1210 1772 1588
2003 6959 1281 1255 1818 1635
2004 7418 1284 1266 1811 1650
2005 7661 1286 1225 1812 1678
2006 6632 1278 1197 1800 1635
2007 5991 1273 1213 1784 1689
2008 4558 1269 1227 1796 1617
2009 2881 1263 1195 1817 1473
2010 2764 1257 1166 1801 1336
2011 2608 1262 1157 1753 1521
2012 2620 1262 1189 1756 1504
2013 2460 1263 1216 1779 1524
2014 2343 1266 1271 1784 1607
2015 2392 1270 1293 1803 1638
2016 2179 1267 1279 1835 1610
2017 2083 1267 1259 1831 1566
2018 2057 1268 1154 1830 1609
2019 2017 1268 1261 1780 1678

Figur 3 syner ein markant nedgang i lystgassutslepp frå andre kjelder enn jordbruk sidan 2005. Teknologiske framsteg i mineralgjødselindustrien forklarer deler av dette. Jordbruket teke over større del av totalutsleppa sidan dette er biologiske utslepp som ikkje så lett let seg fjerne. Utsleppa for jordbrukskjeldene har vore stabil gjennom tidsserien. I 2019 var lystgassnivået 2 prosent lågare enn i 1990, men 2 prosent høgare enn 2018. Forklaringa på høgare utslepp i 2019 enn året før ligg i at 2018 var tørke-år og mindre jordbruksproduksjon.

Metan– husdyra får skulda

Nesten alle utsleppa av metan frå jordbruket er knytte til husdyr, og ved sidan av avfallsdeponi er dette også den viktigaste kjelda i det norske totalutsleppet. Husdyra slepp ut metan både direkte frå fordøyingssystemet og indirekte gjennom gjødsla dei produserer. I 2019 stod jordbruket for 57 prosent av estimert metan-utslepp i Noreg, der 87 prosent av jordbruksutsleppet er frå fordøying og 13 prosent frå gjødsel, i tillegg til eit lite forbrenningsutslepp.

Ved gjæring under fordøyingsprosessen produserer husdyr metan. Drøvtyggjarar produserer relativt sett mest metan, medan husdyr som ikkje er drøvtyggjarar produserer mindre mengder av denne gassen. Fordøyingssystem (drøvtyggjar/ ikkje-drøvtyggjar) og fôrinntak (mengd og samansetjing) er med andre ord avgjerande for kor mykje gass eit husdyr produserer. I 2019 var utsleppet om lag 90 000 tonn. Av dette kom 75 prosent frå storfe og 17 prosent frå sau. Desse utsleppa er 7 prosent lågare enn i 1990 og om lag 3 prosent lågare enn i 2018. Forklaringa her er nedgang i talet på storfe i perioden.

Figur 4. Utslepp av metan (CH4) til luft, etter kjelde

1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Utanom jordbruk 131240 130257 132816 138433 140074 138116 138908 141468 133353 127524 132734 132980 128476 125595 122104 115840 112255 116298 110393 110567 111470 108023 106732 103152 100437 98127 91998 87804 85231 78047
Forbrenning 1166 936 530 695 507 607 663 483 503 455 476 387 292 252 277 238 204 194 202 146 154 120 124 114 138 148 147 146 86 145
Husdyrgjødsel 11881 11979 12175 12018 12206 12178 12449 12258 12310 12446 11799 11967 11925 12408 12466 12655 12562 12671 12730 13000 13136 12867 13004 13159 13189 13305 13486 13428 13440 13088
Tarmgass 96595 95557 96155 95565 97191 97228 97904 96309 96352 97781 93590 92892 92568 93964 92725 92989 90859 90016 90015 91298 90521 88126 88327 89141 89875 91306 93242 92916 92216 89601

Gjødselmetan utsleppet var 10 prosent høgare i 2019 enn i 1990. Sjølv om det totale talet på storfe har gått ned i perioden har det vore vekst i talet på ammekyr, samstundes som intensiteten i storfehaldet har auka, noko som gir høgare gjødselfaktor og høgare utslepp av metan. Mellom 2018 og 2019 var det ein nedgang på om lag 3 prosent.

CO2– klimagassutsleppa som varierer

Dei tre hovudkjelder for utsleppa av CO2 frå jordbruket er bruk av drivstoff til maskinar og fyring, kalking av jordbruksareala og CO2 utslepp frå drenert organisk jord. Det siste som følgje av drift og arealendringar. Det er berre CO2-utslepp frå energibruk og kalking som er med i den offisielle utsleppsstatistikken frå SSB. CO2-utsleppa frå areala blir likevel inkluderte i rapporteringa til FNs klimakonvensjon og til Kyotoprotokollen under kategorien LULUCF (Land Use and Land Use Changes and Forestry) og blir utrekna av Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO).

I dyrka jord skjer det både ei oppbygging og nedbryting av karbonhaldig organisk materiale. Er nedbrytinga større enn oppbygginga, vil det vere eit netto utslepp av CO2. Dei netto utsleppa frå jordbruksareala er berekna til 2,6 millionar tonn CO2 for 2019, der om lag 72 prosent kom frå dyrking av organisk jord. Dette er vesentleg meir enn CO2-utsleppa frå energibruk og kalking. CO2-utsleppa frå kalking var om lag 0,09 millionar tonn, medan utsleppa frå energibruk førte med seg eit CO2-utslepp på 0,5 millionar tonn. Av utsleppa frå energibruk i jordbruket, stod traktorar og maskinar for 68 prosent og resten frå fyring. Energibrukstala frå jordbruket er ut frå det berekningstekniske sett på som usikre.

1 Tala for jordbruksareal dekkjer dyrka mark og beita innmarksarealer (Cropland og Intensive Grassland), og er primært utslepp frå drenert organisk jord.

Figur 5. Utslepp av karbondioksyd (CO2) frå jordbruket, etter kjelde

1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Nettoutslepp frå jordbrukareal¹ 1887071 1882173 1882387 1885705 1894788 2007771 2118756 2304717 2280158 2271134 2200777 2198358 2095569 2173840 2111683 2347491 2515935 2602705 2738989 2895404 2868398 2696716 2627027 2421803 2204217 2328817 2386668 2429272 2519173 2636852
Traktorar og andre maskinar 342957 337492 330819 327334 294341 278075 274706 261679 282036 272161 270556 317415 279697 287891 299021 322377 315488 311003 309043 310378 308523 317017 311427 304810 296482 299837 305035 312862 312244 314254
Kalking og urea 231524 201195 166204 193819 173723 193860 180458 180625 160626 159059 137219 139557 136065 123948 111464 109279 103925 98654 95723 88269 78332 78262 80099 81826 88769 89893 88503 93533 92959 94304
Fyring 169138 156986 138593 128039 122422 115783 161124 115748 130953 126572 74994 81126 78765 98376 81032 86445 94281 94535 84586 85362 136888 89659 77432 98399 93607 77812 101975 104237 94803 147585

Sidan 1990 har utsleppa frå kalking vorte meir enn halvert, medan utsleppa frå traktorar og andre maskinar er reduserte med 8 prosent. Utsleppa frå areala har derimot auka, så dei samla CO2-utsleppa frå jordbruket i 2019 var om lag 40 prosent høgare enn i 1990. Ser ein bort frå utslepp frå jordbruksareal var endringa frå 1990 til 2019 en nedgang på 25 prosent. Mellom 2018 og 2019 var det 11 prosent høgare CO2 utslepp også dette relatert til større produksjon i 2019.

Nesten all ammoniakk kjem frå gjødsel

Utslepp av ammoniakk frå jordbruket kjem frå to hovudkjelder: husdyrgjødsel og bruk av mineralgjødsel. Som syna i figur 6 var størsteparten (93 prosent) knyta til husdyrgjødsel, medrekna spreiing og beite. Rundt 4 prosent kom frå bruk av mineralgjødsel medan  ammoniakkhandsaming av halm og bruk av slam og organisk gjødsel utgjorde rundt 3 prosent.

Metoden for å rekne utslepp frå mineralgjødsel vart endra hausten 2020. Nye faktorar for fullgjødsel og omsyn til nedmolding av gjødsel ved spreiing førte til at utsleppa vart redusert med heile 74 prosent samanlikna med førre berekning om ein ser på 2018 talet. Heile tidsserien tilbake til 1990 vart rekna om slik rutine er når ein gjer endringar i metode. Utsleppa av ammoniakk frå mineralgjødsel i 2019 var berekna til 1 140 tonn.

Utsleppa av ammoniakk frå husdyrgjødsel er avhengige av fleire faktorar, til dømes dyreslag, nitrogeninnhald i fôr, lagringsmetode for gjødsla, klima, spreiingsmetode for gjødsel, dyrkings­praksis og eigenskapane til jorda. I 2019 var utsleppet av NH3 frå husdyr­gjødsel estimert til om lag 25 000 tonn. Av dette var om lag 47 prosent av utsleppet frå husdyrrom og lager, 45 prosent frå spreiing og 7 prosent frå dyr på beite.

Tap av ammoniakk frå ammoniakkhandsaming av halm blir rekna ut frå total­forbruket av ammoniakk. Ein reknar med at 65 prosent av ammoniakken ikkje blir bunden i halmen (Morken 2003b). Utsleppa har blitt kraftig reduserte dei siste åra som følgje av redusert forbruk. Unntaket var tørkesommaren 2018 då mykje ammoniakkbehandla halm vart brukt som grovfôr. Utsleppet i 2018 var om lag 1 700 tonn, men i 2019 var eit meir normalt år, med ca 400 tonn NH3 frå handsaming av halm.

Figur 6. Utslepp av ammoniakk (NH3) til luft frå jordbruket, etter kjelde. 2019. Prosent

Utslepp NH3
Husdyrgjødsel husdyrrom og lager 44 % 11981
Husdyrgjødsel spreiing 42 % 11349
Husdyrgjødsel beite 7 % 1768
Mineralgjødsel 4 % 1140
Håndtering av halm, bruk av slam og forbrenning 3 % 793

Utslepp av ammoniakk har gått ned med 6 prosent frå 1990 til 2019. Forklaringa her er eit lågare utslepp frå handtering av halm, slam og forbrenning. Husdyrgjødsel-utsleppa har faktisk gått opp i perioden tross færre husdyr. Her er årsaka meir proteinrik fôring seinare i tidsserien som gir høgare utslepp av ammoniakk. Det var også ein nedgang mellom 2018 og 2019 på 7 prosent som mest er relatert til høgt utslepp i 2018 grunna bruken av halm til grovfôr og påfølgjande nedgang året etter, i 2019.

Bechmann, M, I. Greipsland, H. Riley og H.O. Eggestad (2012): Nitrogen losses from agricultural areas. A fraction of applied fertilizer and manure (FracLEACH). Report Vol. 7 No. 50 2012, Ås: Bioforsk.

IPCC (2006): 2006 IPCC Guidelines for National Greenhouse Gas Inventories, Volume 4: Agriculture, Forestry and Other Land Use.

Landbruks- og matdepartementet: Årleg Proposisjon nr. 1 til Stortinget. Tilgjengeleg på: http://www.regjeringen.no

Klima- og miljødepartementet (2015): Stortingsmelding nr. 13 (2014-2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU www.regjeringen.no

Morken, J. (2003): Evaluering av ammoniakkutslippsmodellen, internt notat, Institutt for matematiske realfag og teknologi, Universitetet for miljø- og biovitenskap.

https://unfccc.int/documents/273425: Greenhouse Gas Emissions 1990-2019, National Inventory Report (NIR)

Faktaside

Kontakt