Meir omdisponering av dyrkbar jord

Publisert:

Frå 2019 til 2020 auka vedtatt omdisponering av dyrkbar jord med 1 700 dekar, eller 36 prosent, til 6 500 dekar. For dyrka jord var det ein auke på 100 dekar til 3 900 dekar.

Førebelse tal frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa viser at det i 2020 blei tillate omdisponert 10 400 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelt på 3 900 dekar dyrka jord og 6 500 dekar dyrkbar jord. Om lag 92 prosent av det tillate omdisponerte arealet blei regulert etter plan- og bygningslova, medan 8 prosent av arealet blei omdisponert etter jordlova. Areal omdisponert til skogplanting etter jordlova inngår ikkje i tala ovanfor, og i 2020 blei det omdisponert 330 dekar dyrka og dyrkbar jord til skogplanting etter jordlova. Det er omtrent det det same som året før.

1 For 2005 er dyrkbart areal regulert til spesialområde friluftsområde trekt i frå. ² Førebelse tal.

Figur 1. Tillate omdisponert dyrka og dyrkbar jord til andre føremål enn landbruk¹. 2000-2020

Dyrka jord Dyrkbar jord
2000 10554 2223
2001 13302 4348
2002 14225 8813
2003 13457 6620
2004 11653 10166
2005 6657 3798
2006 7643 6008
2007 8510 6611
2008 7900 7045
2009 8308 4690
2010 6687 5556
2011 6648 3894
2012 6567 4211
2013 5620 4016
2014 5710 4277
2015 6341 6287
2016 6337 5362
2017 3894 4826
2018 3591 9012
2019 3803 4788
2020² 3918 6523

Det nasjonale jordvernmålet for åra 2004-2015 var at årleg omdisponering av dyrka jord skulle vere under 6 000 dekar. I 2013 blei dette målet nådd med omdisponering av 5 600 dekar dyrka jord, men auka igjen til 6 300 dekar både i 2015 og 2016. Det nye jordvernmålet frå 2016 er å avgrense omdisponeringa til maksimalt 4 000 dekar per år innan 2020. Kvart år sidan 2016 har det blitt omdisponert mindre enn 4 000 dekar dyrka jord. I 2020 blei det omdisponert 3 900 dekar dyrka jord, 100 dekar meir enn i 2019.

For omdisponering av dyrkbar jord viser tala store variasjonar frå år til år. Det registrerte arealet var nede i 2 200 dekar i 2000, men auka deretter til ein topp på 10 200 dekar i 2004. I 2020 blei 6 500 dekar dyrkbar jord omdisponert til andre føremål enn landbruk, 1 700 dekar meir enn i 2019.

Innlandet toppa fylkesstatistikken med 900 dekar omdisponert dyrka jord, etterfølgt av Trøndelag med 800 dekar og Troms og Finnmark med 500 dekar i 2020. Kommunetala viser at Stange (460 dekar), Balsfjord  og Verdal (270 dekar kvar) og Sandnes (260 dekar) hadde mest omdisponering av dyrka jord til andre føremål enn jordbruk.

Figur 2

Figur 2. Tillate omdisponering av dyrka jord til andre føremål enn jordbruk. 2020

Sjå fleire tal for omdisponering av dyrka og dyrkbar jord

Kartbasert undersøking om nedbygging av jordbruksareal

Ovanfor er det skrive om areal som er vedtatt omdisponert. Det er ikkje det same som at arealet er nedbygd. Det kan gå mange år før arealet faktisk blir nedbygd, og det kan vere at arealet ikkje blir nedbygd i det heile. For å forsøke å finne ut av kor mykje areal som faktisk vert nedbygd, gjorde SSB i 2019 ein analyse av faktisk nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, med spesielt fokus på nedbygging som kan knytast til jordbruksproduksjon og som kan definerast som landbruket si eiga nedbygging. Resultat frå analysen for 2004-2015 er presentert i rapporten «Landbrukets egen nedbygging av jordbruksareal» (SSB Rapporter 2019/15). Av totalt 97 600 dekar jordbruksareal som blei nedbygd var 47 800 dekar på landbrukseigedomar per 2015. Resten var på eigedomar som er fråskilt frå landbrukseigedom, eller eigedomar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal og mindre enn 25 dekar produktiv skog.

Det nedbygde jordbruksarealet er fordelt på ulike føremål. Av totalt 47 800 dekar nedbygd jordbruksareal på landbrukseigedomar, gjekk mesteparten, 18 600 dekar, til «Bebygd område for landbruk». Dette utgjorde altså 39 prosent av totalen i perioden 2004-2015. Omlag 11 300 dekar av dette var bygd ned av bygningar, inkludert kringliggjande område rundt bygningen som ikkje lenger kan bli drive som jordbruksareal. Nedbygd område utan bygningar utgjorde 7 200 dekar og omfattar gardstun som blir utvida til plen, parkeringsplassar, lagringsplass for maskinar etc.

SSB gjennomførte i 2019 og 2020 eit nytt prosjekt med mål om å finne fram til ein enkel, men treffsikker metode for utrekning av årleg nedbygd jordbruksareal så raskt som mogleg etter at nedbygginga er skjedd. Metoden tar utgangspunkt i bygningsinformasjon frå matrikkelen og bygningsomriss frå Felles Kartdatabase. Resultata frå utrekningane er vist i tabellen under.

Tabell 1. Nedbygging av jordbruksareal. 2016-2019. Dekar

Til tabellen

Metoden bruker opplysningar frå matrikkelen i kombinasjon med arealressurskartet Ar5, for å finne bygningar oppført på jordbruksareal. Med utgangspunkt i grunnflata til bygningen blir tomteareal utrekna. I tillegg blir det lagt til areal til fellesformål, som veg, idrettsanlegg og leikeplassar. Det «utrekna tomtearealet» utgjorde i 2016 om lag 60 prosent av nedbygginga på landsbasis, medan vegar, idrettsanlegg m.m. samla utgjorde 40 prosent.

Bygningstypene i matrikkelen gjer det mogleg å skilje mellom nedbygging til ulike føremål. I figur 3 er det utrekna tomtearealet fordelt på føremåla bustadbygg, fritidshus, næring (offentleg og privat tenesteyting) og landbruk. Areal brukt til landbruk og bustadbygg utgjer dei største kategoriane med høvesvis 27 og 24 prosent av totalt utrekna areal.

Figur 3. Nedbygging av jordbruksareal til ulike føremål. Heile landet. 2016

Prosent
Bustadbygg 24 % 24
Fritidsbygg 2 % 2
Bebygd område for landbruk 27 % 27
Næring, offentleg og privat tenesteyting 6 % 6
Veg og bane, sports- og idrettsanlegg, grøne område og anna bygg og anlegg 41 % 41

I rapporten Landbrukets egen nedbygging av jordbruksareal (SSB Rapporter 2019/15) for åra 2004- 2015 er årleg nedbygd jordbruksareal utrekna til om lag 8 200 dekar, mens den årlege nedbygginga for åra 2016-2019 er utrekna til om lag 8 000 dekar i notatet Nedbygging av jordbruksareal i 2016-2019 basert på bygningsomriss (SSB Notater 2021/01).

For perioden 2004-2015 bygde landbruket sjølv ned i gjennomsnitt om lag 1 750 dekar jordbruksareal årleg, medan det for perioden 2016-2019 er berekna at landbrukets eigen nedbygging utgjorde om lag 2 000 dekar per år.

25 prosent mindre nydyrking i 2020 enn i 2019

Dei årlege tala for nydyrking blir henta frå den kommunale KOSTRA-rapporteringa. Nydyrking blir i denne samanheng definert som godkjent areal til fulldyrking og overflatedyrking av jord. Rydding til innmarksbeite inngår ikkje i rapporteringa.

Frå 2002 til 2009 auka arealet godkjent til nydyrking frå 7 300 til 19 900 dekar. Arealet gjekk deretter ned til 13 400 dekar i 2012. Fram til 2019 auka arealet igjen, til 28 100 dekar. Frå 2019 til 2020 gjekk godkjent nydyrka areal ned med 7 000 dekar til 21 200.

1 Førebels tal for 2020.

Figur 4. Godkjent areal til nydyrking. 2000-2020

Godkjent nydyrka areal
2000 9252
2001 7492
2002 7269
2003 7485
2004 7961
2005 10693
2006 11606
2007 13119
2008 14157
2009 15153
2010 19860
2011 15875
2012 13417
2013 14557
2014 18572
2015 18139
2016 21575
2017 22702
2018 24855
2019 28128
2020¹ 21156

Nydyrkinga skjer mellom anna i husdyrområde der krav om spreieareal for hus­dyrgjødsel er ei av drivkreftene for å leggje ny mark under plogen. Krav til beitetid og grovfôropptak på beite kan også bidra til behov for meir beiteareal. Storfe i båsfjøs skal sikrast moglegheit til fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 12 eller 16 veker i løpet av sommar­halvåret. Frå 1. januar 2014 har det også vore krav om at storfe i lausdrift skal ha høve til mosjon og fri bevegelse ute på beite i minst 8 veker i sommarhalvåret.

Auka nydyrking skjer også på grunn av endringar i reglane for produksjonstilskot i jordbruket. Reglane som blei innførte i 2014 inneber at det blir gitt tilskot til alt jordbruksareal i drift.

Sjå fleire tal for nydyrking

Drenering er viktig

Godt drenert jordbruksareal er ein føresetnad for å auke produktiviteten og matproduksjonen. Det er anslått at meir enn halvparten av jordbruksarealet har behov for dreneringstiltak.  Klimaendringar med meir nedbør fører til meir vasshaldig jord. Grøfting av jordbruksareal er difor viktig for å drenere bort vatn for å få betre avlingar, mindre jordpakking, betre bæreevne og for å redusere risikoen for erosjon. Opne grøfter er også viktige element i kulturlandskapet og er leveområde for mange dyr og planter. God drenert jord slepp ut mindre lystgass enn vasshaldig jord. Som regel blir alt nydyrka areal grøfta der det er behov for grøfting.

Nye tilskot til drenering frå 2013

Etter mange år utan tilskot, fastsette Landbruks- og matdepartementet ei ny forskrift om tilskot til drenering av jordbruksareal i 2013. Føremålet med forskrifta var å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal ved å gi tilskot til drenering av dårleg drenert jord med potensial for auka jordbruksproduksjon. Det var òg eit viktig mål å redusere risikoen for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Forskrifta blei endra frå 2016 og omfattar no også planerte areal som ikkje tidlegare har vore grøfta. For anna areal gjeld framleis kravet om at arealet tidlegare skal vere grøfta. Det blir gitt tilskot til 5 ulike dreneringstiltak: Systematisk grøfting, profilering, omgraving, avskjeringsgrøfting og anna (usystematisk) grøfting.

Figur 5

Figur 5. Areal med innvilga tilskot til drenering. 2013-2020

Frå og med 1. juli 2017 blei satsen sett opp frå 1 000 kroner til 2 000 kroner per dekar for systematisk grøfting, profilering og omgraving. Satsen for anna grøfting blei dobla til 30 kroner per meter grøft med avgrensing til 2 000 kroner per dekar.  Denne tilskotsauken medførte meir drenering og ein auke i søknadstala i 2017. Areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving auka frå 25 700 til 55 000 dekar frå 2016 til 2017, og areal med avskjeringsgrøfting og anna grøfting auka frå 489 000 til 725 000 meter. Etter 2017 har areal med systematisk grøfting, profilering og omgraving gått ned til 36 200 dekar i 2020. Areal med avskjeringsgrøfting og anna grøfting har variert etter 2017 og var 874 000 meter i 2020. Desse tala gjeld areal det er søkt og innvilga tilskot til. Ein har ikkje tal for grøfta areal det ikkje er søkt og innvilga tilskot til.

Innvilga tilskot auka frå 33 til 115 millionar kroner frå 2016 til 2017, samstundes auka talet på tiltak frå 2 000 til 3 200. I 2020 blei det innvilga 97 millionar kroner til 3 500 tiltak.

KOSTRA 

Sidan 2005 har kommunane rapportert tillate omdisponering av dyrka og dyrkbar jord gjennom KOSTRA. KOSTRA er eit nasjonalt rapporteringssystem som gir informasjon om kommunal verksemd. Fram til 2005 blei kommune­tal for omdisponering samla inn av Landbruksdirektoratet via statsforvalterens landbruksavdeling. Frå og med 2005 er omdisponering av dyrka og dyrkbar jord rapportert gjennom KOSTRA.

5 ulike dreneringstiltak

Systematisk grøfting: Drenering med ein bestemt intensitet (avstand mellom grøftene) som dekkjer eit gitt areal, tilstrekkeleg til å sikre ein tilfredsstillande dreneringstilstand på arealet.

Profilering: Overflateforming der eit system av opne grøfter med møneforma teigar mellom, sikrar overflateavrenning på arealet.

Omgraving: Omsnuing av jordprofilet på myrareal, slik at torvjord blir lagd under og eit lag av undergrunnsjord blir lagd på toppen. Omgraving skal drenere arealet og betre bereevna.

Avskjeringsgrøfting: Grøfting som hindrar at vassig frå høgareliggjande areal kjem inn på jordbruksarealet.

Anna grøfting: Usystematisk eller tilfeldig grøfting/drenering for å tørrleggje mindre parti på jordet.

Faktaside

Kontakt