Dei årlege fangstane frå elvefisket varierer etter kor mykje laks som går opp i elvane og fiskeforholda i elvane. I tillegg har det dei siste åra blitt innført stadig fleire reguleringar av fisket. Tanavassdraget i Finnmark har vore eit av dei viktigaste laksevassdraga i Noreg, men det har ikkje vore opna for laksefiske i dette vassdraget dei siste fem åra. Dei nasjonale laksevassdraga Nærøydalselva og Rauma var òg stengde for fiske i 2025.
Færre storlaks vart avliva
Mange stader var kvotane mindre og fisket av mellomstor og stor laks vart stramma inn. Reguleringane har ført til at delen avliva stor og mellomstor laks er redusert dei siste to åra. I 2025 var berre 6 prosent av avliva laks over 7 kilo. Til samanlikning var denne delen 10-12 prosent i perioden 2020-2023. Les meir om reguleringa av laksefisket i vassdraga i 2025 hjå Lovdata (lovdata.no).
Størst fangst i Namsen
I alt blei det teke opp 4 900 atlantiske laks i Namsenvassdraget i 2025. Av dei vart 30 prosent sleppt levande ut att i elva. Det har ikkje vore så stor fangst i Namsen sidan 2022. I 2024 var fangsten låg ettersom fisket var stengt ein del av sesongen.
Stor auke i Gaula og Orkla
Gaula og Orkla hadde svært låge fangstar i 2024 sidan dei fleste elvane i Trøndelag blei stengde for fiske tidleg i sesongen. I 2025 var desse elvane opne heile sesongen, og det blei landa 4 000 laks i Gaula og 3 100 i Orkla. Ein stor del av desse blei sett levande ut att i elva, høvesvis 85 prosent i Gaula og 80 prosent i Orkla.
Etter dei tre Trøndelagselvane var det i Altavassdraget det blei fiska mest laks i 2025. I alt drog fiskarane opp 3 100 laks i dette vassdraget. Av dei blei 27 prosent sett ut att i elva.
Sjå kor mange laks det vart teke i dei ulike elvane og vassdraga i statistikkbanktabell 08991.
Nedgang i sjøaurefangsten
Fiskarane drog til saman opp 34 700 sjøaure i 2025. Det er 8 prosent færre enn i 2024. 37 prosent av fiskane vart sleppte ut i elvane att. Det blei fiska mest sjøaure i Målselvvassdraget og Altavassdraget, høvesvis 2 200 og 1 700 fisk.
Elvefiskarane tok 13 900 pukkellaks
Pukkellaks har toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga anna kvart år. I 2025 var det pukkellaks i elvane igjen, og det vart drege opp 13 900 pukkellaks. Dette kjem i tillegg til det som blir teke i sjøfisket og i det organiserte tiltaksfisket etter pukkellaks. Mest pukkellaks blei fiska i Neidenelva i 2025, i alt 2 200. Detter følgde Målselvvasdraget med ein fangst på 800.
Pukkellaks er ein stillehavslaks som blei sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Arten spreidde seg først til dei nordlege elvane i Noreg, der det no er påvist sjølvreproduserande bestandar. Laksen har toårig livssyklus og kjem tilbake til vassdraga anna kvart år. Denne framande arten er uønska i Noreg. Pukkellaks blir forvalta med mål om å ha minst mogleg av den, og den skal ikkje settast levande ut i elva igjen.


