Salet av autodiesel gjekk opp med 3 millionar liter samanlikna med juni fjor. Salet av bilbensin gjekk ned med 6 millionar liter i juni, og enda på 94 millionar liter. Det svarar til ein nedgang i salet på 6,0 prosent.

Første halvår av 2021

Frå januar til og med juni i år har samla sal av petroleumsprodukt gått ned med 171 millionar liter samanlikna med same periode i 2020. Det svarar til ein nedgang på 4,5 prosent. Nedgangen skuldast hovudsakleg redusert sal av jetparafin. Salet av jetparafin har gått ned med 164 millionar liter samanlikna med i fjor, tilsvarande 52,9 prosent. Dette følgjer av at alle månader i 2021 har vore prega av koronasituasjonen, mens byrjinga av 2020 ikkje var påverka av dette.

Det vart selt 1,4 milliardar liter autodiesel i første halvår av 2021. Det er ein auke på 52 millionar liter – tilsvarande 3,8 prosent - samanlikna med i fjor. Auken me ser i mars, april og mai må sjåast i samanheng med det særs låge salet under første fase av koronanedstenginga i 2020.

Figur 1. Sal av autodiesel og jetparafin, 2020 og 2021. Førebelse tal

Figur 2. Sal av petroleumsprodukt, januar til juni 2020 og 2021. Førebelse tal

¹ Omfattar tungdestillat, tungolje, flybensin og bitumen (asfalt).