Det vart fødd 14 600, medan 10 600 døydde i 3. kvartal¹. Trass ein auke i Fødde minus døde. var det framleis innvandringa som bidrog mest til folkeveksten. 19 000 innvandringar og 9 500 utvandringar gav ei nettoinnvandring på 9 500, viser nye tal frå statistikken Befolkning.

Figur 1. Befolkningsendringar i Noreg, 3. kvartal

Fødselstalet steig 

Talet på fødde aukar, opp 3,4 prosent i forhold til tilsvarande kvartal i 2023, og opp 5,7 prosent frå talet i 2022. Det er det høgaste fødselstalet for eit kvartal på tre år. Talet på fødde har vore høgare enn fjoråret i alle dei tre første kvartala i år.  

– Dersom denne utviklinga held fram ut året, vil det samla fruktbarheitstalet stige i 2024, seier Magnus Haug, seniorrådgjevar i SSB.

Fødselsoverskotet i 3. kvartal var på 3 900. I dei minst sentrale kommunane i Noreg var det framleis eit samla fødselsunderskot,  altså var det fleire som døydde enn som vart fødd i desse kommunane.  

Blant fylka ser vi store forskjellar i fødselsoverskotet. I Oslo og Akershus er fødselsoverskotet høgast. Der vart det fødd høvesvis 1 500 og 800 fleire enn det døydde i løpet av kvartalet, medan det i Østfold, Innlandet og Telemark døydde fleire enn det vart fødd i same periode. Dette kjem hovudsakleg av ulike kjønns- og alderssamansetningar i fylka. 

Færre innvandringar 

Talet på innvandringar var monaleg lågare enn i same kvartal i fjor. Dette gjaldt spesielt for ukrainske statsborgarar, men det var også færre innvandringar elles. Sidan fullskalainvasjonen av Ukraina starta har nettoinnvandringa av ukrainske statsborgarar vore bortimot 75 000.  

Figur 2. Nettoinnvandringar til Noreg, 3. kvartal

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:


Østfold

Akershus

Oslo

Buskerud

Innlandet

Vestfold

Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark

¹Retta frå 1.kvartal til 3.kvartal den 20. november 2024 klokka 08:28