Ved utgangen av 1. kvartal var folketalet 5 601 000 etter å ha auka med 6 700 sidan året byrja. Folkeveksten var lågare enn på same tid dei siste åra, mykje grunna at færre ukrainarar kom til landet. Det viser tal frå statistikken Befolkning.

– Vi passerte 5,5 millionar i starten av 2023. Deretter har det altså teke to år å nå 5,6 millionar, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.

Figur 1. Folketal ved utgangen av kvartalet. 2000K1 - 2025K1

Færre innvandringar gav lågare folkevekst

Befolkninga veks framleis, men ikkje like raskt som dei siste åra.

– Folkeveksten har bremsa opp i takt med at færre ukrainarar har flytta til Noreg, seier Haug.

På det meste kom det 14 700 ukrainske statsborgarar til Noreg på eit kvartal. I 1. kvartal 2025 var talet 2 900.

Figur 2. Folkevekst, innvandringar i alt, og innvandra ukrainske statsborgarar, per kvartal. 2020K1-2025K1

Dermed vart årets første kvartal det førstekvartalet med lågast folkevekst sidan 2004, sett i høve til folketalet - med unntak av koronaåret 2020.

Figur 3. Folkevekst per 1000 innbyggjarar i 1. kvartal, 2000-2025

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:


Østfold

Akershus

Oslo

Buskerud

Innlandet

Vestfold

Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark