Befolkninga auka framleis, men veksten bremsa opp i takt med at færre ukrainske statsborgarar flytta til Noreg. Folkeveksten vart dermed lågare enn på same tid dei siste åra, mykje grunna at færre ukrainarar kom til landet. Det viser tal frå statistikken Befolkning.

– Ein folkevekst på 5 900 er den lågaste i eit andrekvartal sidan 2001, om vi ser bort frå 2020 og 2021 som var to år prega av høvesvis få innvandringar grunna koronapandemien og mange etterregistrerte utvandringar, seier Magnus Haug, seniorrådgjevar ved seksjon for befolkningsstatistikk i SSB.

Figur 1. Befolkningsendringar i 2. kvartal, 2000-2025

Innvandringa frå Ukraina sokk vidare

Medan talet på fødde og døde varierer lite frå år til år, kan flyttetala – spesielt innvandringane – svinge monaleg på kort tid. Frå 2. kvartal 2022 har ukrainske innvandrarar hatt mykje å seie for folkeveksten.

– Men i årets 2. kvartal var det faktisk fleire ukrainarar som utvandra enn som innvandra. På det meste har 14 700 ukrainske statsborgarar kome til Noreg på eitt kvartal. I 2. kvartal 2025 var talet 1 700, seier Haug.

Figur 2. Innvandringar og utvandringar, ukrainske statsborgarar per kvartal, 2020K1-2025K2

Fleire fødde og fleire døde

Når det er færre innvandringar, vert fødde og døde ein viktigare del av veksten. I årets 2. kvartal var det fleire fødde, men også fleire døde, enn på same tid i dei to føregåande åra.

– Talet på fødde har auka noko dei siste par åra, men frå eit lågt nivå. Fødselsoverskotet – talet på fødde minus talet på døde – var 3 900 i årets 2. kvartal. Det er lågare enn på same tid i kvart einaste år frå 2003 til 2021, men noko høgare enn dei siste tre åra.

Figur 3. Fødde, døde og fødselsoverskot i 2. kvartal, 2000-2025

Finn tal for din kommune

Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:


Østfold

Akershus

Oslo

Buskerud

Innlandet

Vestfold

Telemark

Agder

Rogaland

Vestland

Møre og Romsdal

Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark