Sjølv om veksten var noko lågare enn i same kvartal dei siste åra, var det ein auke i fødselstalet. Det viser tal frå statistikken Befolkning.
Etter at fødselstalet steig med til saman 300 i 1. og 2. kvartal, gav 15 400 fødde i 3. kvartal ein auke på 870.
– Så langt i 2025 har det vorte fødd 43 200 born. Det er 1 200 fleire samanlikna med dei tre første kvartala i 2024. Om det ikkje kjem ein tydeleg nedgang i 4. kvartal, vil vi sjå ein auke i fødselstalet for tredje året på rad, og at det såkalla samla fruktbarheitstalet stig, seier seniorrådgjevar Magnus Haug i SSB.
Dessutan var det ein auke innanfor kvart av dei seks sentralitetsnivåa, også når vi justerer for endringar i talet på kvinner i dei forskjellige aldersgruppene.
– Så skal ein vere merksam på at fruktbarheita framleis er låg, historisk sett, seier Haug.
Færre innvandringar gav lågare folkevekst
Sjølv om fødselstalet auka monaleg, var den totale folkeveksten i 3. kvartal litt lågare enn han har vore dei siste åra. Her peiker Haug på ein nedgang i innvandringstala.
– Etter ein topp i 2022 grunna Russlands krig i Ukraina, har innvandringa sokke att. Ukrainske statsborgarar var likevel den største innflyttargruppa i 3. kvartal, seier Haug.
Finn tal for din kommune
Under finn du lenker til ferdige tabellar med nøkkeltal for alle kommunar etter fylke:

