Det vart inngått 21 574 ekteskap i 2025, noko som er 400 fleire enn året før, ein auke på om lag 2 prosent. Dette er det høgaste talet sidan 2017. Samstundes ser vi at både talet på skilsmisser og separasjonar auka til høvesvis 8 583 og 9 772. Auken er særleg markant for separasjonar, som auka med 4,6 prosent frå året før, viser nye tal fra statistikken Ekteskap og skilsmisser.

Figur 1. Vigslar, skilsmisser og separasjonar

– Vi ser at tala for ekteskap, skilsmisser og separasjonar alle auka i 2025. Samstundes er nivåa  lågare enn for 20 år sidan. Utviklinga over tid er prega av at vi etablerer oss seinare, og at ekteskapet ikkje står like sterkt i samfunnet i dag, seier rådgivar Karstein Sørlien i SSB.

Flest separasjonar etter nyttår og om hausten

Talet på registrerte separasjonar varierer ein del gjennom året. Flest separasjonar vart registrerte i januar, då 959 par tok ut separasjon. Deretter følgde haustmånadene september og oktober med høvesvis 957 og 934 separasjonar. Færrast registreringar såg vi i desember, då 641 par tok ut separasjon.

Figur 2. Separasjonar, etter månad

Det er ikkje uvanleg at talet på separasjonar er høgast tidleg på året og om hausten. Desember har over lengre tid vore månaden med færrast separasjonar.

– Mange ønskjer kanskje å unngå store endringar i familiesituasjonen rundt julehøgtida. Difor ser vi ofte færre separasjonar mot slutten av året, seier Sørlien.

Færre gifter seg ung

Når i livet ein vel å gifte seg, har endra seg over tid. Figur 3 viser andelen kvinner som gifta seg for første gong i løpet av året.

Figur 3. Førstegangsvigde per 1 000 kvinner etter aldersgrupper

Dei siste 40 åra har andelen mellom 20 og 24 år som giftar seg gått kraftig ned, medan endringa for dei over 35 år er langt mindre markant. Med andre ord er det no ein langt større del som giftar seg seinare i livet.

– Det er tydeleg at giftarmål skjer seinare i livet enn før. Utdanning, arbeid og seinare etablering spelar truleg ei viktig rolle i denne utviklinga, seier Karstein Sørlien.

At vi ventar lenger, speglar seg også i statistikken over skilsmisser. Totalt sett er det langt færre skilsmisser enn tidlegare, mellom anna fordi færre giftar seg no enn før. Figur 4 viser andelen per 1 000 gifte kvinner som skilde seg i løpet av året. Her ser vi at andelen for dei eldste aldersgruppene har auka betydeleg dei siste 40 åra, sjølv om raten totalt sett har gått ned.

Figur 4. Skilsmisseratar for kvinner i utvalgte aldersgrupper

– Dette heng mellom anna saman med den generelle utviklinga, nemleg at vi giftar oss og får born seinare. Vi veit at mange held familien saman til borna likevel skal flytta for seg sjølv. Denne fasen kjem difor naturleg ved en høgare alder, seier Karstein Sørlien.