I året som gjekk, blei det inngått over 21 000 ekteskap. Det er meir enn 1 000 fleire enn året før, og vi må tilbake til 2017 for å finne eit høgare tal på vigslar. Ikkje overraskande er det sommaren – særleg juni og august – som er den mest populære tida å gifte seg på.

– Etter ein liten nedgang året før, fekk vi fleire inngåtte ekteskap i 2024. Samstundes kan det sjå ut til at trenden vi har sett dei siste ti åra med færre separasjonar, no har snudd, seier rådgjevar Karstein Sørlien i SSB.

Det blei registrert over 9 300 separasjonar i 2024, ein auke på om lag 100 frå året før. Talet på separasjonar nådde eit toppunkt i 2004, men har sidan den gong hatt ein jamn nedgang. I 2023 såg vi, for første gong på mange år, ein liten auke – som altså heldt fram i 2024.

Figur 1. Vigslar, skilsmisser og separasjonar

Flest borgarlege vigsler

I 2024 var det over 10 000 borgarlege vigsler, som er det høgaste talet sidan SSB byrja å føre statistikk over vigsletypar i 1961.

– Blant dei som gifta seg, valde litt under halvparten ei borgarleg vigsle, medan om lag ein tredel gifta seg i Den norske kyrkja. For rundt 10 år sidan var det motsett. Då var det flest som gifta seg i Den norske kyrkja, medan færre valde borgarleg vigsle, seier Karstein Sørlien.

Figur 2. Inngåtte ekteskap, etter vigsletype

Vi ser òg at talet på vigsler gjennomført i utlandet aukar, og no er tilbake på same nivå som i 2020.

Ventar med å gifte seg

Gjennomsnittsalderen for kvinner som gifta seg i 2024 var 37 år, medan menn i snitt var 40 år ved inngått ekteskap.

Ser vi berre på dei som giftar seg for første gong, er snittalderen 35,2 år for kvinner, og 37,2 år for menn. Dette er høgare enn nokon gang før.

Figur 3. Gjennomsnittsalder førstegangsvigde

Vi blir altså eldre og eldre før vi vel å gifte oss. Dette er ingen ny trend, men noko vi har sett over tid. Samanliknar vi med tal ti år attende er forskjellen likevel tydeleg. Då var snittalderen for førstegangsvigde tre til fire år lågare enn i dag.

– Det er mange grunnar til at storparten i dag ventar lenger med å inngå ekteskap. Vi tek lengre utdanning og konsentrerer oss om andre ting, som jobb og karriere. For dei fleste er det heller ikkje like viktig å gifte seg før ein får born, seier Sørlien.