Talet på Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. gjekk opp med 6 900 frå 4. kvartal 2020 til 1. kvartal 2021, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. var på 2,5 i 1. kvartal 2021, ein auke på 0,2 prosentpoeng samanlikna med førre kvartal.

Figur 1 viser at det sesongjusterte talet på ledige stillingar ligg på eit høgt nivå i 1. kvartal 2021. Sidan 2010 har det berre vore høgare første halvdel av 2019. Effekten av koronakrisa inngår ikkje i grunnlaget for sesongmønsteret. Les meir om korleis koronakrisa blir behandla i denne statistikken nedst i artikkelen.

Figur 1. Ledige stillingar. Trend, sesongjusterte og ujusterte tal

Stor auke innan sosiale omsorgstenester utan butilbod

Det har vore ein stor auke i næringa sosiale omsorgstenester utan butilbod, som blant anna omfattar barnehagar, SFO og barnevernstenester. Talet på ledige stillingar har auka med 1 600, som svarar til ein auke på 36 prosent frå førre kvartal. Størst nedgang i absolutte tal finn vi innan varehandel og motorvognreparasjonar, med ein nedgang på 10 prosent.

Pleie- og omsorgstenesta har hatt ein nedgang i talet på ledige stillingar sidan førre kvartal. Det er likevel den næringa med flest ledige stillingar totalt. Saman med næringa helsetenester står dei for totalt 14 600 ledige stillingar, som svarer til 20 prosent av alle ledige stillingar.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte.

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har i fleire næringar gått ned etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som er ramma av de nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Nedgangen i talet på arbeidsforhold heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar.