Nedgangen svarar til 8 400 færre Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet.enn i 1. kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Gjennom 2024 låg talet på ledige stillingar rundt 100 000 kvart kvartal. Etter ein nedgang mot slutten av året, steig talet igjen i 1. kvartal 2025. No har nivået falle tilbake, og ligg på om lag same nivå som ved utgangen av 2024. Det kan sjå ut til at den nedgåande trenden held fram, seier Stine Bakke, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Ledige stillingar, sesongjustert. Tal

Nedgang i 12 av 20 næringar

Blant næringane med størst nedgang finn vi elektrisitet, vatn og renovasjon som hadde den største prosentvise nedgangen på 46 prosent frå 1. kvartal. Forretningsmessig tenesteyting hadde den største nedgangen i absolutte tal med ein reduksjon på 2 600 ledige stillingar. Her finn vi blant anna utleige av arbeidskraft.

Sjølv om det samla sett har vore ein nedgang i ledige stillingar er det nokon næringar der talet har auka. Blant dei er næringane varehandel og motorvognreparasjonar, overnattings- og serveringsverksemd, offentleg administrasjon og undervisning. Her auka talet på ledige stillingar med mellom 100 og 500 i 2. kvartal.

Størst prosentvis nedgang i kommunale stillingar

Av dei 87 900 ledige stillingane i 2. kvartal 2025 var:

  • 64 prosent i privat sektor og offentleg eigde foretak
  • 25 prosent i kommuneforvaltninga
  • 10 prosent i statsforvaltninga

Den prosentvis største nedgangen kom i kommuneforvaltninga, med ein reduksjon på 20 prosent samanlikna med året før. I privat sektor og offentleg eigde foretak var nedgangen størst i tal, med 6 600 færre ledige stillingar frå 2. kvartal 2024. Endringa i statsforvaltninga var tilnærma uendra.

Tala fordelt på sektor er ikkje justert for sesongvariasjonar og må derfor samanliknast med same kvartal året før.

Høgare arbeidsløyse og færre ledige stillingar

Arbeidsløysa auka frå 4,0 prosent i 1. kvartal til 4,8 prosent i 2. kvartal 2025, viser tal frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU). Samstundes gjekk Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. ned frå 3,0 prosent til 2,7 prosent. Denne kombinasjonen kan gjere det enklare for verksemdene å fylle stillingane enn før.

– Når det er færre ledige stillingar og fleire arbeidslause, får bedriftene fleire kandidatar å velje mellom og det kan bli lettare å finne folk med den riktige kompetansen. Samstundes kan det bli vanskelegare for dei arbeidsledige å finne jobb, seier Stine Bakke, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Figur 2. Arbeidsløyse og delen ledige stillingar, sesongjustert. Prosent