Veksten frå same kvartal året før, målt i prosent. var den høgaste sidan 2006. Målt mot same kvartal i fjor vart det registrert 11 prosent fleire nye aksjeselskap, ein selskapsform som avlastar risikoen for eigarane, men berre 2 prosent fleire nye einskildpersonføretak. Utanlandske føretak registrerte heile 24 prosent færre avdelingar i Noreg. Eitt år ut i korona-pandemien vert altså fleire nye føretak registrert enn nokon gong, fleire vert registrerte med avlasta risiko, og aktiviteten frå utanlandske selskap går klårt ned.

Transporttenester voks mykje

Det var betydeleg auke i nye registreringar innan transport og lagring på 63 prosent, men og innan industri med 31 prosent og varehandel og reparasjon av motorvogner med 27 prosent, samanlikna med 1. kvartal i fjor. For dei to sistnemnde næringane var det og ei stor auke frå kvartalet før med høvesvis 28 og 29 prosent, tett følgd av bygg og anlegg med 27 prosent. Talet på nye føretak utan registrert næring vaks likevel mest det siste året, med 89 prosent, grunna etterslep i registreringane. Av den totale auka i talet på nye føretak kom om lag to tredelar i denne kategorien, noko som gjev lågare tal på føretak med kjend næring. Etterslepet var likevel mindre enn i kvartalet før.

Innanfor kultur, underhaldning og fritid, samt forretningsmessig tenesteyting var talet på nye føretak klårt lågare enn 1 i. kvartal året før, høvesvis 25 og 19 prosent.

Talet på nye føretak auka mest på Vestlandet med nær 20 prosent frå året før, mens på Sørlandet og i Nord-Noreg var auka lågast med 8 prosent.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane