Nedgangen i talet på opna konkursar bryt med tidlegare trendar.

– Sidan 2010 har det vore vanleg at talet på konkursar går opp frå fjerde til første kvartal, i snitt nær 6 prosent. Nedgangen på 1,8 prosent i første kvartal 2025 er difor eit større brot med trenden enn prosentnedgangen tilseier isolert sett, seier seksjonssjef Erik Fjærli. 

Samanlikna med første kvartal i 2024 gjekk talet på opna konkursar derimot opp med 4,0 prosent. I denne artikkelen har vi valt å fokusere på den nyaste utviklinga, det vil si frå fjerde kvartal 2024, men gjer merksam på at det ikkje er teke omsyn til sesongvariasjon. Det er for tidleg å seie om nedgangen frå fjerde kvartal 2024 er starten på ein ny trend eller resultat av tilfeldige hendingar. 

Færre personlege konkursar 

Medan talet på opna konkursar samla har ligge nokså stabilt sidan 2010, med unntak av låge tal under pandemien, har det skjedd ei dreiing vekk frå personlege konkursar – som òg inkluderer einskildpersonføretak – over mot føretakskonkursar der aksjeselskap er den dominerande selskapsforma. Det var 21,8 prosent færre personlege konkursar i første kvartal 2025 enn i fjerde kvartal 2024, medan talet på føretakskonkursar auka med 2,1 prosent. 

– Dei siste 15 åra har talet på personlege konkursar falt til under halvparten, medan føretakskonkursar har auka tilsvarande. At det blir færre personlege konkursar er positivt, sidan personlege konkursar inneber at òg personleg eigedom som hus og bil går tapt, seier Fjærli. 

Figur 1. Opna konkursar i første kvartal, etter type konkurs

Lys i tunnelen for bygg og anlegg 

Det vart opna 52 konkursar innanfor bygg og anlegg i første kvartal 2025, ein nedgang på 7,7 prosent frå kvartalet før. Sidan første kvartal 2024 var nedgangen på 11 prosent. Dette er positive teikn i ei næring som har slitt den seinare tida, slik mellom anna statistikk for nye føretak i fjerde kvartal 2024 viser. 

Næringar med stor auke i opna konkursar sidan førre kvartal er fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting med ei auke på 17 konkursar (15,7 prosent) og anna tenesteyting med 13 fleire konkursar (41,9 prosent).