– Bedriftene fekk mykje støtte under korona. Mykje har vorte fasa ut no. Det er kanskje ei forklaring på kvifor konkurstala aukar noe, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Totalt var det opna 3 713 konkursar i fjor. Det er 11,7 prosent, eller 388, fleire konkursar enn i 2021. Den største prosentvise auken finn vi i Troms og Finnmark med 31,3 prosent fleire konkursar. I Oslo var auka i absolutte tal størst, med 75 fleire konkursar.

I 4. kvartal 2022 vart det opna 1 006 konkursar, som er 13,2 prosent fleire enn i den same perioden året før.

– Samanlika med tida før pandemien er tala på konkurser framleis lågt. Me må tilbake til 2008 på å finna eit lågare tal på konkursar, seier seksjonssjef Erik Fjærli.

Auke i føretakskonkursar og nedgang i einskildpersonføretak

82 prosent av konkursane, i alt 3 040, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Det var 13 prosent fleire føretakskonkursar i fjor enn i 2021. Størst auke i absolutte tal finn vi innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner med 115 fleire konkursopningar. Det er derimot innan byggje- og anleggsverksemd at det var flest konkursar, 832 i alt.

Dei resterande 673 konkursane gjaldt einskildpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar. Her gjekk talet opp med 6 prosent, eller 36 fleire konkursar enn i året før. 39 prosent  av dei som gjekk konkurs dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal