Den største prosentvise veksten finn vi i Innlandet med 33 prosent fleire konkursar, tett følgt av Møre og Romsdal med ein auke på 31 prosent. Oppgangen i absolutte tal var størst i Viken fylke med 61 fleire konkursar frå 2. kvartal 2022 til 2. kvartal 2023. I Vestland og i Agder gjekk derimot talet på konkursar ned med høvesvis 19 og 3 prosent.

846 av konkursane er føretakskonkursar, unnateke einskildpersonsføretak. Det vil seie 120 fleire konkursar enn det var i same periode i fjor, og er ein auke på 17 prosent. 28 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 21 prosent var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.

Dei resterande 222 konkursane omfattar einskildpersonsføretak og personlege konkursar, som er ein auke på 7 prosent. 44 prosent av desse finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk opp med 20 prosent samanlikna med 2. kvartal i fjor.

Det vart opna 2 385 konkursar i dei seks fyrste månadane i år. Dette er 27 prosent fleire enn i den same perioden i 2022. Den største veksten var innanfor kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar med 89 prosent fleire konkursar, følgt av overnattings- og serveringsverksemd som hadde en auke på 67 prosent.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal