Totalt vart det opna 3 325 konkursar i 2021. Dette er 19 prosent, eller 776, færre enn i året før. Samanlikna med 2019, altså siste år før koronapandemien blei ein realitet, så er nedgangen på 34 prosent.

Den største prosentvise nedgangen frå i fjor finn vi i Troms og Finnmark fylke med 39 prosent færre konkursar. Deretter følgde Nordland som hadde 34 prosent nedgang i forhold til i fjor.

I alle fylka gjekk talet på konkursar ned. Størst nedgang i absolutte tal var i Oslo med 218 færre konkursar. Vestfold og Telemark følgjer etter med 95 færre konkursar.

Åtte av ti konkursar, i alt 2 688, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Det tilseier ein nedgang på 24 prosent frå i fjor. 29 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd. Dei resterande 637 konkursane, som er 16 prosent færre enn året før, var einskildpersonføretak og personlege konkursar. Her var 42 prosent innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det vart opna totalt 889 konkursar i 4. kvartal i fjor. Det er 21 prosent færre enn i den same perioden i 2020.

Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal