Auken i talet på konkursar varer ved. Ikkje sidan første kvartal 2019 har det vore registrert tilsvarande høge tal. I første kvartal i år vart det registrert 1317 konkursopningar.
-Høge strømprisar og auke i renta er nok innverkande årsaker til denne utviklinga, seier seksjonssjef Erik Fjærli.
Den største prosentvise auken finn vi i Nordland og i Vestland fylke, med høvesvis 69 og 57 prosent fleire konkursar samanlikna med same periode i fjor. Den største auka i absolutte tal finn vi derimot i Viken med 108 fleire konkursar. Det var ingen av fylka som hadde nedgang i talet på konkursar.
1090 av konkursane er føretakskonkursar, unnateke einskildpersonsføretak. Det vil seie 318 fleire konkursar enn det var i same periode i fjor, og er ein auke på 41 prosent. 28 prosent av føretakskonkursane var innanfor byggje- og anleggsverksemd, medan 20 prosent var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner.
Dei resterande 227 konkursane omfattar einskildpersonsføretak og personlege konkursar, som er ein auke på 37 prosent. 38 prosent av desse finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd. Talet på konkursar innanfor denne næringa gjekk opp med 4 prosent samanlikna med 1. kvartal i fjor.
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal
Liggende søylediagram med 2 linjer.
Figuren har 1 X akse som viser Kvartal.
Figuren har 1 Y akse som viser Tal. Dataene varierer fra 61 til 1093.
Føretakskonkursar
Einskildpersonføretak inkl. personlege konkursar
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal