• Lønnskostnadane til dei norske dotterselskapa auka med 29 milliardar norske kroner frå 193 milliardar i 2023 til 222 milliardar kroner i 2024.
  • Dei norske dotterselskapa rapporterte at dei totalt sysselsette 272 591 personar. Dette er ein redusering på rundt 900 personar og er rundt 0,3 prosent færre samanlikna med 2023.

Figur 1. Seks største næringar etter omsetning, år 2020-2024

I Figur 1 ser me at næringane B (som i stor grad betyr utvinning av olje og naturgass, inkludert tilknytte tenester) og G (Varehandel) har hatt størst vekst i perioden 2020-2024 samanlikna med dei fire andre næringane. Varehandel har vakse frå 161 milliardar kroner til 410 milliardar kroner, og olje og naturgass, inkludert tilknytte tenester har vakse frå 196 milliardar kroner til 443 milliardar kroner. Dette er ein omsetningsauke på høvesvis 156 og 126 prosent frå 2020 til 2024. Næring C (Industri) auka mykje i 2022, men i 2024 var nivået nesten det same som i 2020. Industrinæringa hadde ein omsetningsauke på 9 prosent i perioden 2020-2024.

Figur 2. Topp 10 største land etter omsetning, år 2022-2024

Figur 2 viser den økonomiske aktiviteten til norsk næringsliv i utlandet og gir ein peikepinn på kor mykje norske dotterselskap omsette i utvalde land i perioden 2022-2024. Av figuren ser me kor nært knytt økonomisk me er til USA, samt dei nordiske landa Sverige, Danmark og Finland. Til saman har norske dotterselskap i dei tre nordiske landa ein omsetning på 557 milliardar kroner, som er over 100 milliardar kroner større enn omsetninga for norske dotterselskap i USA.

Figur 3. Topp 10 norske dotterselskap etter tal på føretak, år 2022-2024

Figur 3 gir en oversikt over kor norsk næringsliv har etablert seg med norske dotterselskap. Totalt var det 4 269 norske dotterselskap i verda og dei 10 største landa hadde 2 568 av desse. Dette utgjer 60 prosent av det samla talet på norske dotterselskap. I 2024 hadde norske selskap til dømes 912 dotterselskap i Sverige, 320 dotterselskap i Danmark, 284 i Storbritannia og 261 i USA.

Tal for årgangen 2023 er revidert i denne publiseringa.

For 2023 og 2024 har me valt å fjerne tal for variabelen bruttoinvesteringar for totaltalet for alle næringar og næring B (Bergverksdrift og utvinning) sidan datagrunnlaget ber preg av for usikker kvalitet.

Les meir om revisjonsforklaring, kvalitet og uvisse i Om statistikken under overskrifta Nøyaktigheit og pålitelegheit på statistikksida til Norske dotterselskap i utlandet på ssb.no.