Nynorsk som målform er støtt og stadig eit tema for debatt, men kor mange nynorskbrukarar finst det eigentleg? Akkurat kor mange som skriv nynorsk veit me ikkje, men me har statistikk over talet på elevar i grunnskolen med nynorsk som hovudmål. Dette kan gi ein peikepinn på utviklinga i norske kommunar over tid. I følgje statistikken Elevar i grunnskolen hadde 68 842 elevar i grunnskolen nynorsk som hovudmål i 2025. Dette er 2,9 prosent færre enn året før, og 11,1 prosent av alle elevar i grunnskolen.  

Det har over tid vore ein nedgang i talet på elevar med nynorsk som hovudmål. Frå 1992 til 2025 er nedgangen i andel elevar i grunnskolen med nynorsk som hovudmål på 6,6 prosentpoeng. 

Elevar i grunnskolen med nynorsk som hovudmål, 2025
ikon av skoleelever
Elevar i grunnskolen med nynorsk som hovudmål, 2025
11,1
%
 

I motsetning til det mange kanskje trur, er det i følgje Språkrådet svært få eller ingen som snakkar nynorsk. Nynorsk er eit skriftspråk, på lik linje som bokmål. Det blir derfor mest korrekt å seia at nokon bruker eller skriv nynorsk, framfor at dei snakkar nynorsk.

Kjelde: Nynorsk som talemål, Språkrådet

Kvar skriv flest nynorsk i dag?

Vestland og Møre og Romsdal er fylka der flest elevar i grunnskolen skriv nynorsk. I begge fylka har over 45 prosent av elevane i grunnskolen nynorsk som hovudmål. Deretter følgjer Rogaland med 21 prosent av elevane. 

Bjørnafjorden er den kommunen der flest elevar i grunnskolen har nynorsk som hovudmål med 3 079 elevar. Deretter følgjer Sunnfjord og Alver, med høvesvis 2 867 og 2 844 elevar. 

Tabell 1. Topp 10 kommunar med flest elevar med nynorsk som hovudmål og kva fylke dei ligg i
Tabell 1. Topp 10 kommunar med flest elevar med nynorsk som hovudmål og kva fylke dei ligg i
Kommune (fylke)Elever som får nynorsk som hovudmålAndel av alle elevar i prosent
Bjørnafjorden (Vestland)3 07991,5
Sunnfjord (Vestland)2 86799,3
Alver (Vestland)2 84474,3
Hå (Rogaland)2 71295,0
Stord (Vestland)2 49099,0
Time (Rogaland)2 46785,0
Kinn (Vestland)1 96895,8
Voss (Vestland)1 91998,3
Øygarden (Vestland)1 87035,7
Bømlo (Vestland)1 56698,6
Standardtegn i tabeller

I fylka Oslo, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark er det berre nokre få elevar som har nynorsk som hovudmål. I desse fylka har over 98 prosent av elevane bokmål som hovudmål. 

Figur 1. Elevar i grunnskolen med nynorsk som hovudmål, etter kommune. 2025¹
¹ Kommunar med 2 eller færre elevar med nynorsk som hovudmål blir ikkje vist av omsyn til konfidensialitet.

Stadig færre elevar med nynorsk som hovudmål 

Andelen som har nynorsk som hovudmål i grunnskolen har gått gradvis nedover. I 1992 var det 17,7 prosent av elevane som hadde nynorsk som hovudmål i grunnskolen. I dag gjeld dette 11,1 prosent av elevane. Andelen elevar med bokmål som hovudmål har auka i tråd med nedgangen av nynorsk. Det er altså stadig fleire elevar og kommunar som vel bokmål over nynorsk som hovudmål.

Figur 2. Andel elevar med nynorsk som hovudmål, 1992 - 2025. Prosent

Kven bestemmer om elevar skal ha nynorsk som hovudmål på skolen? 

Det er kommunen og fylkeskommunen som avgjer om den enkelte skolen skal ha nynorsk eller bokmål som skriftleg hovudmål. På barneskolen må elevane bruke same hovudmål som er bestemt av kommunen der skolen ligg. Frå ungdomsskolen står elevane fritt til å velja kva hovudmål dei vil bruke, men det er veldig få som vel eit nytt hovudmål på ungdomsskolen. 

Dersom ein grunnskole skal byte skriftleg hovudmål må kommunestyret vedta dette. Kommunen kan halde ei lokal folkeavstemming for å høyre meininga til innbyggjarane før det blir bestemt. Det har vore 336 lokale folkeavstemmingar om målform i tidsrommet 1970 til 2024. Mellom anna vart det heldt ei folkeavstemming i 2023 i Hjartdal kommune i Telemark fylke om dei skulle byte ut nynorsk med bokmål som skolen sitt hovudmål. Kommunestyret vedtok å byte hovudmål frå nynorsk til bokmål.