Artiklar om overnattingar
Artiklar, analysar og publikasjonar
2026
Utanlandske overnattingar auka med nesten 10 prosent i mars Artikkel 7. mai
Det var 2,1 millionar hotellovernattingar i Noreg i mars 2026. Det vart sett marsrekord for utanlandske hotellovernattingar, medan norske overnattingar gjekk ned samanlikna med mars i fjor.
Auke i utanlandske hotellovernattingar i februar Artikkel 27. mars
Talet på hotellovernattingar enda på litt over 1,9 millionar i februar. Det er ein vekst på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Ein auke i utanlandske overnattingar stod for oppgangen.
Januar-rekord ved norske overnattingsbedrifter Artikkel 4. mars
I januar var det 2,1 millionar overnattingar ved norske overnattingsbedrifter, ein auke på 4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Utanlandske gjester stod for den største delen av auken.
Rekordmange overnattingar i 2025 Artikkel 4. februar
I 2025 var det 40,6 millionar overnattingar ved dei norske overnattingsbedriftene, ein vekst på 5,2 prosent frå 2024. Utanlandske gjester stod for den største delen av auken.
Færre hotellovernattingar i november Artikkel 7. januar
Det blei registrert 1,9 millionar overnattingar ved norske hotell i november 2025, ein nedgang på 2,1 prosent frå november 2024. Det blei registrert ein nedgang for både norske og utanlandske hotellovernattingar.
2025
Hotellovernattingar auka med 4,2 prosent i oktober Artikkel 28. november
Det blei registrert 2,2 millionar overnattingar ved norske hotell i oktober, ein auke på 4,2 prosent frå oktober 2024. Utlendingar bidrog mest til auken, med 12 prosent fleire hotellovernattingar.
Stor auke i hotellovernattingar i september Artikkel 30. oktober
Det ble registrert 2,5 millionar overnattingar ved norske hotell i september, ein auke på 5 prosent frå september 2024. Antal hotellovernattingar auka mest i Vestland og Akershus.
August var nok ein rekordmånad for norske overnattingsbedrifter Artikkel 1. oktober
Det var 5,5 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i august, det høgaste talet som nokon gong er målt for august månad i overnattingsstatistikken. Utanlandske overnattingar auka med 13 prosent, og denne veksten var årsaka til rekorden.
Rekordmange overnattingar i juli ved norske overnattingsbedrifter Artikkel 3. september
Det var om lag 7,4 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene i juli, det høgaste talet som nokon gong er målt i overnattingsstatistikken. Utanlandske hotellovernattingar bidrog mest til auken.
Juni-rekord for overnattingar ved norske overnattingsbedrifter Artikkel 1. august
Det var 4,8 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i juni i år, ein auke på 3,6 prosent samanlikna med same månad i fjor. Aldri før har Statistisk sentralbyrå målt fleire overnattingar i Noreg i juni månad.
Utanlandske overnattingar auka med nesten 20 prosent Artikkel 3. juli
Det var om lag 3,3 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene i mai, det høgaste talet som nokon gong er målt for ein mai månad. Det vart sett mairekord for utanlandske overnattingar.
April-rekord for hotellovernattingar Artikkel 4. juni
Talet på overnattingar ved hotell enda på 1,8 millionar i april 2025. Dette er ein auke på 4,8 prosent samanlikna med april i fjor. Ein auke i utanlandske hotellovernattingar stod for oppgangen, medan det var ein liten nedgang i norske hotellovernattingar.
10 prosent auke i utanlandske overnattingar i mars Artikkel 30. april
Det blei registrert nesten 2,6 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter i mars, ein auke på 1,5 prosent frå mars i fjor. Fleire utanlandske overnattingar demma opp for nedgang for norske overnattingar.
Fleire utanlandske overnattingar i februar Artikkel 2. april
Det var 2,3 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i februar 2025, ein auke på 2,1 prosent frå februar i fjor. Auken skuldast fleire utanlandske overnattingar.
Fleire hotellovernattingar i januar 2025 Artikkel 5. mars
Fleire norske og utanlandske hotellovernattingar i januar bidrog til ein auke på 8 prosent samanlikna med januar 2024.