Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,3 millionar norske og 474 tusen utanlandske Merk skilnaden på 'overnattingar' og 'gjestar'. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar.på norske hotell i april. Det er 84 tusen fleire enn i april fjor. Dei utanlandske hotellovernattingane auka med nesten 23 prosent, medan dei norske gjekk ned med 0,3 prosent.

I år var påsken i april, medan den var i mars i fjor. Sein påske påverka tala for april. Fleire fridagar førte til at mange valde å feriere på hotell. Samstundes var det færre overnattingar med yrke, kurs og konferanse som formål. Enkelte by- og konferansehotell valde å halde stengt i påsken.

Overnattingar med formål ferie og fritid stod for over halvparten av hotellovernattingane, og det var ein auke i alle fylka. For overnattingar med formål yrke, kurs og konferansar blei det registrert ein nedgang i dei fleste fylka.

– Sjølv om fleire hotell har hatt færre dagar opent grunna påsken, auka talet på overnattingar på hotell i Noreg samanlikna med april i fjor. Auken skuldast blant anna fleire utanlandske overnattingar og ein auke i overnattingar med ferie og fritid som formål, seier seniorrådgjevar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå.

Stor auke i overnattingar på hotell frå Asia, men Europa er framleis størst 

Det var om lag 474 tusen utanlandske overnattingar ved hotella i april 2025. Litt over 70 prosent av desse var frå europeiske land. Flest europeiske gjestar kom det frå Storbritannia, etterfølgt av Sverige og Tyskland.

Samstundes rapporterte hotella ein stor auke i gjester frå Asia. Av dei asiatiske landa, var auken størst frå Kina og Thailand. Auken var på høvesvis 6800 og 4100 overnattingar.

Figur 1. Norske og utanlandske hotellovernattingar. April 2019 - 2025

Overnattingar på campingplassar auka i alle fylka 

I april i år rapporterte campingplassane 322 tusen gjestedøgn, ein oppgang på 52 prosent samanlikna med april i fjor. Det var ein auke i alle fylka, og Innlandet og Vestland bidrog mest til auken. Oppgangen må sjåast i samanheng med at påsken fall i mars i fjor, medan den var i april i år. Påskens plassering har spesielt stor betydning for antal overnattingar på campingplassar. Det var totalt 479 tusen overnattingar på campingplassane i påskemånadene mars og april i år, ein auke på 6,2 prosent samanlikna med mars og april i fjor.

– I palmehelga var det varmare i Oslo enn i sørlege deler av Europa som Kreta. Samstundes var det målt temperaturar over 20 grader i fleire delar av landet, blant anna i Grimstad og Arendal. Sommarvarme kan ha bidratt til at mange valde å bruke påsken på campingplassane i Sør-Noreg, seier Aasestad.

Overnattingar på kommersielle overnattingsverksemder 

Til saman var det 2,4 millionar overnattingar ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar. i Noreg i april. Det utgjer ein auke på 11 prosent samanlikna med april i fjor. Auken i overnattingar for utlendingar var på 115 tusen, medan dei norske overnattingane gjekk opp med 117 tusen.

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i april 2025

  • 272 tusen overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • Norske overnattingar gjekk opp med nesten 18 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp med 13 prosent