Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var nesten 1,8 millionar norske og 782 tusen utanlandske Merk skilnaden på 'overnattingar' og 'gjestar'. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar. ved Tala omfattar overnattingar på hotell, hyttegrend, campingplassar og vandrarheimar. i mars i år. Det var 71 tusen fleire utanlandske overnattingar. Norske overnattingar fall derimot med 33 tusen samanlikna med same månad i fjor.

Oppgangen frå i fjor var i stor grad driven av utanlandske overnattingar.

– Europeiske land stod for ein betydeleg del av oppgangen blant utlendingar. Til saman var det 30 tusen fleire overnattingar frå Storbritannia, Polen, Frankrike og Italia enn i mars fjor. I tillegg var det dobbelt så mange overnattingar frå Kina, seier Boyd Oyier, rådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

I fjor var påsken i mars. Fleire byhotell var påskestengt deler av månaden i fjor, mens dei hadde ein normal driftsmånad i år. Det bidrog til ein auke for både norske og utanlandske hotellovernattingar. For campingplassar, Alle bedrifter med utleigeeiningar berekna på sjølvhushald og korttidsopphald (ferieleilegheiter, appartement, hyttegrender, rorbuer m.m.) samt vandrarheimar. var det ein nedgang for norske overnattingar, mens talet på utanlandske overnattingar var omlag uendra.

Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne sesongvariasjonar som ferieavvikling frå månadlege eller kvartalsvise statistiske tidsserier. Justeringa for sesongmønsteret gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad., der sesongvariasjonar gjennom året blir fjerna, viser ein liten nedgang i overnattingar frå februar til mars i år. Nedgangen i sesongjusterte norske overnattingar var større enn oppgangen i sesongjusterte utanlandske overnattingar.

Figur 1. Norske og utanlandske overnattingar, sesongjustert. Mars 2022 - mars 2025

Auke for hotella i dei fleste fylka 

Dei fleste fylka hadde fleire hotellovernattingar i mars i år samanlikna med i fjor. Hotellovernattingar i Oslo, Trøndelag og Akershus bidrog mest til oppgangen. Alle tre fylka hadde rekordhøge tall for mars i år. I Oslo var det 61 tusen fleire overnattingar på hotell, og i Trøndelag var det 43 tusen fleire overnattingar. I Akershus var det 33 tusen fleire hotellovernattingar.

– For hotella i Trøndelag kan Ski-VM i Trondheim ha bidratt til oppgangen. Her var det en stor auke i både norske og utanlandske overnattingar. Talet på utanlandske hotellovernattingar i Trøndelag var dobbelt så høgt som i både 2024 og 2023, seier Oyier. 

Innlandet, Vestfold, Telemark, Buskerud og Agder hadde færre overnattingar på hotell samanlikna med mars i fjor. Størst var nedgangen i Innlandet med 28 tusen færre overnattingar. 

– Kombinasjon av lite snø og at påsken var i april i år førte til færre hotellovernattingar ved typiske skidestinasjonar i Innlandet, Buskerud og Telemark i mars i år, legg Oyier til. 

Figur 2. Endring i talet på hotellovernattingar etter fylke, mars 2024 - mars 2025

Nedgang for campingplassar 

Nær alle fylka hadde nedgang i antal overnattingar på campingplassar i mars i år samanlikna med mars i fjor. Mange campingplassar startar sesongen i påsken, og var derfor stengt i mars i år. 

Samanlikna med mars i fjor var det 81 tusen færre norske overnattingar på campingplassane. Samanlikna med mars 2023 var det ein nedgang på 25 tusen norske overnattingar. Ikkje sidan 2020 har det vore færre overnattingar på campingplassane i mars månad. 

Figur 3. Antal overnattingar på campingplassar etter bustadsland. Mars 2020 - 2025

Overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar i mars 2025

  • 302 tusen overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar 
  • 9,9 prosent nedgang frå mars 2024