Etter stor nedgang over fleire år fortsett auken i talet på bekymringsmeldingar frå dei siste to åra, men noko svakare i 2025. Det kom omtrent 600 fleire bekymringsmeldingar samanlikna med året før viser oppdaterte tal om barnevernet i statistikkbanken. Tala viser også at nedgangen i barn og unge med tiltak ser ut til å stoppe opp, sjølv om auken i 2025 er liten.
Ei sak i barnevernet startar som oftast med ei melding til barnevernet. Barnevernet har då ei veke på seg til å vurdere om meldinga kan leggast bort eller om barnevernet skal starte ei undersøking. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månader, og blir avslutta enten ved å legge bort saka eller det blir sett i gang tiltak. Tiltak frå barnevernet kan vere alt frå råd og rettleiing, plass i barnehage og støttekontakt til plassering i fosterheim eller institusjon. Tiltak frå barnevernet kan vidareførast etter at barnet fyller 18 år. Det blir ofte kalla ettervern. Frå 2021 er alderen for vidareføring av tiltak auka frå inntil 23 år til inntil 25 år.
Fleire bekymringsmeldingar til barnevernet
I løpet av 2025 fekk barnevernet 53 900 bekymringsmeldingar om 46 200 barn som ikkje allereie var i undersøking eller fekk tiltak frå barnevernet, det vi kan kalle nye barn. Dette er vel 1 prosent fleire bekymringsmeldingar enn i 2024.
I 2020 vart 80 prosent av bekymringsmeldingane om nye barn nærare undersøkt av barnevernet. I 2025 er denne prosentdelen ein del mindre, under 73 prosent. Når delen bekymringsmeldingar som blir undersøkt blir mindre, blir delen bekymringsmeldingar som blir lagde bort etter at barnevernet har gjort si vurdering større. I figur 1 ser vi korleis gapet mellom talet på bekymringsmeldingar, og talet på bekymringsmeldingar som har blitt avslutta med å sette i gang ei undersøking, har vorte stadig større. Dette betyr at det har vorte stadig meir sannsynleg at bekymringsmeldingar om nye barn blir lagde bort i perioden frå 2020 til 2025.
Stadig færre yngre barn med tiltak frå barnevernet
Etter at den øvre aldersgrensa for tiltak frå barnevernet vart sett opp frå 23 til 25 år i 2021 er det først i 2025 at det er ein litt større auke i talet på unge med ettervern samanlikna med året før. I figur 2 ser vi at det har vore rundt 8 000 unge med tiltak i løpet av året etter 2021. I 2025 var det 8 244 unge, 18-24 år, som fekk tiltak frå barnevernet, nesten 4 prosent fleire enn i 2024. Det var også ein liten auke i barn med tiltak frå 2024 til 2025 i aldersgruppene 0-2 år og 13-17 år.
Dersom vi ser på perioden frå 2021 til 2025 er det berre talet på unge i aldersgruppa 18-24 år med ettervernstiltak som har auka. I dei andre aldersgruppene har det blitt stadig færre barn med barnevernstiltak. Dei mest markante endringane dei siste fem åra er nedgangen i barn med tiltak blant dei yngre, i aldersgruppene 6-12 år og 3-5 år, men også 0-2 år. Aldersgruppa 6-12 år var den klart største gruppa i 2021, 19 500 barn fekk tiltak i denne aldersgruppa, og den er framleis størst i 2025 med 14 800 barn. Men det var i 2025 omtrent like mange, 14 100, i aldersgruppa 13-17 år som fekk tiltak. Aldersgruppa 3-5 år er mindre, men i denne aldersgruppa har det blitt 30 prosent færre barn med tiltak, frå 5 100 i 2021 til 3 600 barn i 2025. Også talet på barn i alderen 0-2 år er redusert med 21 prosent desse fem åra, men som nemnt over, aukar talet på barn med tiltak litt i denne aldersgruppa i 2025.
Færre i fosterheim - størst nedgang blant dei yngre
Det budde 8 200 barn og unge i fosterheim ved utgangen av 2025, dette er nesten 4 prosent færre enn året før, og ein nedgang på meir enn 18 prosent frå 2021. Om vi bryt tala ned på aldersgrupper ser vi i figur 3, som for alle barn med tiltak, at det er aldersgruppene 6-12 år og 3-5 år som har hatt den største nedgangen i barn som bur i fosterheim dei siste fem åra.