Rundt 40 prosent av avfallet er restavfall. Deretter er dei største, utsorterte massane treavfall, papp, matavfall og hageavfall.

Figur 1. Hushaldsavfall. Type avfall

Dei fleste fraksjonar av avfall har auka frå 2019 til 2020. Dei mest markante endringane var i:

  • Treavfall auka med 21 000 tonn, tilsvarande 7 prosent
  • Farleg avfall auka med 18 000 tonn, tilsvarande 24 prosent
  • Hageavfall auka med 14 000 tonn, tilsvarande 9 prosent
  • Metall auka med 9 000 tonn, tilsvarande 9 prosent
  • Plast auka med 6 000 tonn, tilsvarande 12 prosent

Fraksjonane papp og papir, glas, byggavfall og tekstil har minka litt. Ved dei nye avfallsfraksjonane forureina/lett forureina masser, gips og bildekk har kategorien anna blitt halvert.

Nådde ikkje EU målet om 50 prosent materialgjenvinning

Det har ikkje vore noko auke i materialgjenvinninga i 2020. Delen av hushaldsavfallet som blei brukt til , var på 41prosent. Dette er det same som i 2019. Det betyr at Noreg ikkje greidde EU målet om 50 prosent materialgjenvinning for hushaldsavfall innan 2020. EU har fleire mål framover om materialgjenvinning. Innan 2035 skal 65 prosent av « » bli brukt til materialgjenvinning og ombruk.

Figur 2. Behandling av hushaldsavfall¹

¹Levert materialgjenvinning inkluderer kompostering og biogass.

SSB sine tall seier kor mykje avfall som vart levert til materialgjenvinning – ikkje kor mykje som faktisk vart gjenvunne. Dei talla samsvarar ikkje alltid.

Papp og papir står for største del av materialgjenvinninga – med 23 prosent. Matavfall står også for ein stor del av materialgjenvinninga, med 207 tusen tonn avfall, der 76 prosernt gjekk til biogassproduksjon og 24 prosent gjekk til kompostering.

Samanheng mellom konsum og avfall

Figur 3 visar korleis forbruksmengda og avfallsmengda til norske hushald har endra seg sidan 1996 til 2020. Denne grafen kan gje oss ein indikasjon på om Norge nærmar seg eit samfunn med meir sirkulær økonomi – med auke i konsum utan auke i avfall.

Figur 3. Konsum og mengde avfall frå hushalda. 1996- 2020. Indeks 1996=1

Sidan 1996 har trenden vore aukande for både avfall og konsum, der avfall har auka med 102 prosent og konsum har auka med 82 prosent. Fram til 2017 auka avfallet til hushalda meir enn konsumet deira. Dette endra seg frå 2017 til 2019, og det kunne det sjå ut som at samfunnet gjekk mot å bli meir sirkulært. Slik ser det ikkje lengre ut i 2020 med ein ny avfallstopp, og markant minking i konsum. Med koronapandemien har 2020 vore eit veldig spesielt år.