Totalt kasta vi 2 335 tusen tonn avfall heime og på gjenvinningsstasjonar.

─ 40 prosent av avfallet vi kaster er restavfall, resten sorterer vi ut ifrå materiale. Treavfall, papp og matavfall er dei avfallstypane som vi sorterer og kaster mest av, seier seniorrådgjevar Manju Chaudhary.

Figur 1. Hushaldsavfall. Type avfall. Tonn

Dei fleste avfallstypane minka frå 2020 til 2021. Dei største endringane var:

  • Treavfall minka med 31 000 tonn, tilsvarande 10 prosent
  • Byggavfall minka med 20 000 tonn, tilsvarande 30 prosent
  • Farleg avfall minka med 11 000 tonn, tilsvarande 11 prosent
  • Metall minka med 8 000 tonn, tilsvarande 8 prosent

Meir materialgjenvinning i 2021

43 prosent av avfallet blei sendt til i 2021. Dette er ein auke på 2 prosent frå 2020, og 5 prosent frå 2015. Talet inkluderer avfall som blir biologisk behandla, altså sendt til kompostering og biogassproduksjon. Sjølv om vi sorterer 60 prosent av avfallet vårt, går berre 43 prosent av det til materialgjenvinning. Den største delen av avfallet, 52 prosent, blei levert til forbrenning, og nesten 4 prosent blei deponert.

─ For 30 år sida sorterte vi berre 8 prosent av avfallet vårt, i dag sorterer vi heile 60 prosent, seier Manju Chaudhary.

Figur 2. Behandling av hushaldsavfall¹

¹Levert materialgjenvinning inkluderer kompostering og biogass.

SSB sine tall seier kor mykje avfall som vart levert til materialgjenvinning – ikkje kor mykje som faktisk vart gjenvunne. Desse talla samsvarar ikkje alltid.

─ Det er papp og papir, matavfall og hageavfall som står for største del av gjenvinninga, med respektive 22, 21 og 17 prosent, seier Manju Chaudhary.

For avfallstypane papp og papir, glas, plast, metall, EE-avfall, matavfall, hageavfall, gips og bildekk blir nesten alt avfallet sendt til materialgjenvinning.

EU har fleire mål når det kjem til materialgjenvinning. Noreg nådde ikkje målet om 50 prosent materialgjenvinning for hushaldsavfall innan 2020. Målet for 2025 er at 55% av «municipal waste» blir brukt til materialgjenvinning og ombruk (regjeringen.no).

Samanheng mellom konsum og avfall

Figur 3 visar korleis forbruksmengda og avfallsmengda til norske hushald har endra seg frå 1996 til 2021. Denne grafen kan gje oss ein indikasjon på om Noreg nærmar seg eit samfunn med meir sirkulær økonomi – med auke i konsum utan auke i avfall.

Figur 3. Konsum og mengde avfall frå hushalda. 1996- 2021. Indeks 1996 = 1

Sidan 1996 har trenden vore aukande for både avfall og konsum, der avfall har auka med 95% og konsum har auka med 91%. Fram til 2017 auka avfallet til hushalda meir enn konsumet deira. Dette endra seg frå 2017 til 2019, og det kunne sjå ut som at samfunnet gjekk mot å bli meir sirkulært. I 2020 var det ein ny avfallstopp, og ein markant minking i konsum grunna pandemien. For 2021 nærmar verdiane seg igjen, men avfallsmengdene er framleis større enn konsumet.