Nye tall fra nasjonalregnskapet viser at BNP Fastlands-Noreg auka 0,4 prosent frå september til oktober, målt i faste prisar. 

– I eit år med elles svak utvikling, har det vore oppgang i både september og oktober, seier seksjonssjef for nasjonalrekneskapen i Statistisk sentralbyrå, Pål Sletten. 

Helse- og omsorgstenester og jordbruk bidrog mest til oppgangen. Lågare produksjon av elektrisitet dempa veksten. Dette kom etter eit høgt nivå i august. 

Månadstala kan svinge ein del, og difor bør ein ikkje legge for stor vekt på ein enkelt månad. Den rullerande tremånadersveksten i BNP Fastlands-Noreg viser nullvekst frå mai-juli til august-oktober.  

Ved å sjå på tremånadersveksten kan ein få eit betre inntrykk av den underliggjande utviklinga. Ser ein på dei tre siste månadene, var det produksjonen av elektrisitet som gav det største positive bidraget, medan jordbruk og varehandel trekkjer ned. 

– Sett i stort viser tala ei svak utvikling dei siste månadene, seier Sletten. 

Figur 1. Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg og konsum i hushalda. Sum tre månader, rullerande. Sesongjustert. Volumindeksar. 2019 = 100

Figur 2. Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg og konsum i hushalda. Månadleg. Sesongjustert. Volumindeksar. 2019=100

Næringane

Bruttoproduktet i tenestenæringane, inkludert bustadtenestene, hadde nullvekst i oktober. Den største auka kom frå helse- og omsorgstenester, som vaks 1,1 prosent etter to månader med svak utvikling. Finansierings- og forsikringsverksemd sto for det nest høgste bidraget. Forretningsmessig tenesteyting og transport utanom utanriks sjøfart trakk ned. 

Industri og bergverk auka 1,2 prosent. Produksjon av metallvarer, elektrisk utstyr og maskiner bidrog mest, fylgt av oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Trass i oppgangen var bruttoproduktet for industri og bergverk lægre i oktober enn i juli og august. 

Bruttoproduktet i annan vareproduksjon auka 0,8 prosent. Fiske, fangst og akvakultur bidrog mest, fylgt av jordbruk og skogbruk. Forsyning av elektrisitet, gass og varmtvatn fall derimot, og dempa dimed veksten. 

Målt i faste prisar auka bruttoproduktet i utvinning av råolje og naturgass med 9,2 prosent. Det kom etter eit kraftig fall på 10,7 prosent i september. Tenester tilknytt utvinning auka 0,6 prosent. 

Konsum

Konsumet til hushalda auka 1 prosent i oktober, målt i faste prisar. Veksten ble særleg drive av auka konsum av elektrisitet.  

Varekonsumet auka 2,3 prosent. I hovudsak vart veksten drive av ei kraftig auke i konsumet av elektrisitet, men konsumet av klede og sko trakk òg opp. Tenestekonsumet auka 0,3 prosent, og særleg reparasjon av transportmidlar drog opp.  

Hushalda sitt konsum i utlandet fall 0,3 prosent i oktober. Utlendingar sitt konsum i Noreg auka 4,5 prosent.

Lægre investeringar

Bruttoinvesteringane i fast realkapital¹ fall 3,2 prosent i oktober. Nedgangen var breitt basert, med nedgang i utvinning av råolje og naturgass, andre tenester og bustadinvesteringar. Bustadinvesteringane gjekk ned 2,7 prosent. Investeringane i industri og bergverk og offentleg forvalting auka.  

For bruttoinvesteringar i fast realkapital utanom bustader er det generelt lite månadsinformasjon. For petroleumsinvesteringar, investeringar i industri, bergverk og kraftforsyning blir informasjon om planlagde investeringar nytta slik dei er rapporterte av selskapa.

¹ Retta 9. januar 2024 kl. 10.40.

Eksport og import

Den samla eksporten auka 3,8 prosent i oktober, målt i faste prisar og justert for normal sesongvariasjon. Eksporten av tradisjonelle varer, råolje og naturgass og tenester auka. Oppgangen av tradisjonelle varer kom særleg av høgare eksport av industriprodukt.  

Sesongjusterte volumtal viste at importen fall 2,7 prosent. Importen av tradisjonelle varer, blant dei industriprodukt, medverka til nedgangen. Importen av tenester auka, og det dempa nedgangen i importen. 

Revisjonar

I samband med nye månads- og kvartalstal vil det koma tilbakegåande revisjonar. Nytt informasjonsgrunnlag vert av og til innarbeidd i utrekninga av enkelte nasjonalrekneskapsstorleikar. I tillegg vil sesongfaktorane endre seg når nye periodar vert lagt til. Tala for netthandel har blitt reviderte for 2. og 3. kvartal i 2023, på grunn av nytt informasjonsgrunnlag.

Dei store omveltingane i norsk økonomi under koronapandemien kan ha ført til at samanhengar mellom indikatorar og rekneskapsstorleikar er annleis enn i normale periodar. Kvartalstala for 2022 og 2023 er difor meir usikre enn vanleg. I etterkant av koronapandemien har også revisjonane i sesongmønstera til tider vore større enn normalt.  

I samband med publiseringa av tal for 3. kvartal 2023, den 23. november 2023, vart endelege tal for 2021 publisert, og basisåret oppdatert med ny informasjon frå endeleg nasjonalrekneskap for 2021. Ny informasjon frå og med 1. kvartal 2021 er innarbeidd for alle kvartala.