Nye tal frå nasjonalrekneskapen viser at BNP Fastlands-Noreg auka 0,1 prosent frå 2. til 3. kvartal, målt i faste prisar. I september var veksten på 0,3 prosent, men samstundes er veksten i juli og august revidert noko ned samanlikna med førre publisering.

– Norsk økonomi er no inne i ein konjunkturfase der svak etterspurnad bremsar veksten, seier seksjonssjef for nasjonalrekneskapen i Statistisk sentralbyrå, Pål Sletten.

Høge prisar og stigande renter har drege inn kjøpekraft frå hushalda gjennom 2022 og 2023. Det bremsar veksten i forbruket, og bygginga av bustader har gått kraftig ned. I nokon grad vert dette motverka ein auke i oljeinvesteringane. Veksten i sysselsettinga  har nesten stoppa opp.

Eit par særmerkte forhold påverka norsk økonomi i 3. kvartal. Det var ekstremvêr i august og mykje nedbør generelt i kvartalet. Sjølv om uvêret valda store øydeleggingar i delar av landet, fekk det liten effekt på økonomien samla sett.

– Den store nedbørsmengda ramma særleg aktiviteten i jordbruket. Det medverka òg til høg vasskraftproduksjon. Held ein den uvanlege utviklinga i jordbruks- og elektrisitetsnæringane utanom, ville det vore ein nedgang på 0,1 prosent i BNP Fastlands-Norge i 3. kvartal, seier Sletten.

Høge prisar på energivarar var ein årsak til den generelle prisstigninga i fjor, men så langt i år har prisane på petroleumsprodukta og elektrisitet falt. Samanlikna med prisene for eitt år sidan, er prisane no redusert med om lag 60 prosent.

Samla sett vaks likevel prisane i norsk økonomi 0,9 prosent frå 2. til 3. kvartal, målt ved bruttoproduktdeflatoren for Fastlands-Norge, delen av prisstigninga som ikkje skuldast endring i importprisar.

Prisbidraget frå konkurranseutsette næringar er no spesielt stort. Ifølge foreløpige tall ser lønsemda i industrien og andre konkurranseutsette næringar ut til å vera høg. Prisstigninga i skjerma sektor var også vesentleg høgare i 3. kvartal enn den har vore tidlegare.

Figur 1. Bruttonasjonalprodukt og konsum i hushalda. Sum tre månader, rullerande. Sesongjustert. Volumindeksar. 2019 = 100

Figur 2. Bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg og konsum i hushalda. Månadleg. Sesongjustert. Volumindeksar. 2019=100

Figur 3. Bruttonasjonalprodukt og bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg. Månedlig. Sesongjustert. Verdiindeksar. 2019=100

Ekstremvêr påverka kraft og jordbruk

Bruttoproduktet i tenestenæringane, inkludert bustadtenestene, auka 0,1 prosent i 3. kvartal. Aktiviteten auka i dei fleste tenestenæringane, men varehandel og forretningsmessig tenesteyting gjekk ned.

Annan vareproduksjon, som inkluderer primærnæringane, elektrisitetsproduksjon og bygg- og anleggsnæringa, steig 1 prosent. Nedbør og ekstremvêret «Hans», verka særleg inn på kraftnæringane og jordbruket i 3. kvartal. Bruttoproduktet i jord- og skogbruket fall. Samstundes auka bruttoproduktet i elektrisitets-, gass- og varmtvannsforsyninga monaleg. Den negative utviklinga i bygg- og anleggsnæringa fortsette og bruttoproduktet fall 0,6 prosent.

Bruttoproduktet i industri og bergverk auka 0,4 prosent. Aktiviteten har vore aukande i industrinæringane som leverer varer til oljenæringa. I tillegg auka volumet i næringsmiddelindustrien. Industrinæringane, oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri trekte ned.

Bruttoproduktet i offentleg forvalting fall 0,2 prosent i 3. kvartal, justert for sesong- og kalendereffektar, og målt i faste prisar. Aktiviteten i statsforvaltinga hadde ein svak oppgang, men det var fall i kommuneforvaltinga. I statsforvaltinga auka undervisningstenestene, statleg administrasjon og forsvar. I kommuneforvaltinga var det omsorgs- og barnehagetenester som drog mest ned.

Målt i faste prisar fall bruttoproduktet i utvinning av råolje og naturgass, inkludert tilknytta tenester, med 2,4 prosent. Det heng i hovudsak saman med vedlikehald av gassinfrastrukturen i Nordsjøen. Tenester knytt til utvinning av råolje og naturgass auka 0,9 prosent, målt i faste priser.

Konsum 

Konsumet til hushalda auka 0,5 prosent i 3. kvartal, målt i faste prisar. Konsumveksten ble særleg drege opp av nordmenn sine kjøp i utlandet og tenester tilknytta reiseliv.

Varekonsumet fall 0,2 prosent. Konsumet av klede og sko og møblar og kvitevarer medverka mest til nedgangen. Tenestekonsumet auka 0,3 prosent, og det var særleg fritidstenester og hotell- og restauranttenester som drog opp. Oppgangen i fritidstenester kom av vekst i pakketurar.

Hushalda sitt konsum i utlandet auka 6,7 prosent i 3. kvartal. Utlendingar sitt konsum i Noreg auka 5,1 prosent.

Konsum i offentleg forvalting steig 0,9 prosent. Veksten i kommuneforvaltinga stod for det største bidraget, men konsumet auka òg i statsforvaltinga.

Lægre investeringer

Bruttoinvesteringane i Fastlands-Noreg fall 3,8 prosent i 3. kvartal. Nedgangen kom særleg som følgje av lågare bustadsinvesteringar, men òg investeringane i offentleg forvalting og andre tenester fall. Investeringane i utvinning av råolje og naturgass og industri og bergverk auka. Bustadinvesteringane hadde ein nedgang på 8,7 prosent.

Eksport og import ned

Den samla eksporten fall 0,8 prosent i 3. kvartal, målt i faste prisar og justert for normal sesongvariasjon. Det var ein nedgang i eksporten av både tradisjonelle varer, og råolje og naturgass. Nedgangen for tradisjonelle varer kjem særleg av lågare eksport av industriprodukt. Eksporten av tenester auka, og grunnen til det er særleg reiser og finans- og forretningstenester.

Sesongjusterte volumtal viste at importen fall 2,5 prosent. Importen av tradisjonelle varer, blant dei industriprodukt, medverka til nedgangen. Importen av tenester auka, og det medverka til å dempa nedgangen i importen.

Sysselsetting 

Talet på sysselsette auka 0,1 prosent i 3. kvartal, justert for normal sesongvariasjon. Utvinning av råolje og naturgass, samt fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting medverka mest til veksten, medan forretningsmessig tenesteyting og bygg og anlegg drog veksten ned. Talet på utførte timeverk auka 0,2 prosent.

Revisjonar 

I samband med nye månads- og kvartalstal vil det bli tilbakegåande revisjonar. Nytt informasjonsgrunnlag vert av og til innarbeidd i rekninga av enkelte nasjonalrekneskapsstorleikar. I tillegg vil sesongfaktorane endre seg når nye periodar vert lagt til.

Dei store omveltingane i norsk økonomi under koronapandemien kan ha ført til at samanhengar mellom indikatorar og rekneskapsstorleikar er annleis enn i normale periodar. Kvartalstala for 2022 og 2023 er difor  meir usikre enn vanleg. I etterkant av koronapandemien har også revisjonane i sesongmønstrene til tider vore større enn normalt.

I samband med publiseringa av tal for 3. kvartal 2023, er endelege tal for 2021 publisert, og basisåret oppdatert med ny informasjon frå endeleg nasjonalrekneskap for 2021. Ny informasjon frå og med 1. kvartal 2021 er innarbeidd for alle kvartala.

Oppgangen i fastlandsøkonomien for 2021 er revidert opp frå 4,2 til 4,5 prosent, målt i faste prisar, medan 2022 ikkje er revidert. I løpande prisar er revisjonen av 2021 litt større, og 2022 er også revidert opp. For nærare omtale av revisjonane, sjå øvst i artikkelen.